Då den nye turvegen på Husnes blei opna og teken i bruk for nokre veker sidan, kom òg den gamle idéen om ein liknande veg rundt heile Opsangervatnet opp på nytt.
Nytt frå Husnes utvikling
Fin tursti ved Opsangervatnet
Vi har gått den nye 402 meter lange turvegen på Husnes – for aller første gang. Sist vi gjekk der trakka vi i myrlendt terreng og sørpe.
Optimisme på årsmøtet:
Husnes Vekst vil bli ein tydelegare aktør
Arbeidsoppgåvene står i kø for Husnes Vekst, men bygdefolket sluttar ikkje så godt opp om organisasjonen som ein må kunna venta.
No blir det årsmøte
Det er klart for årsmøte i Husnes Vekst. Det blir på Gry Helge’s Bar og restaurant (campingplassen) torsdag 8. mars kl 19.00.
Husnes Vekst gratulerer
Gratulerer, Kvinnherad, dette er ein strålande dag! Det seier styreleiar i Husnes Vekst, Åsmund Kåre Rørvik til Kvinnheringen. Han har aldri vore i tvil om at oppstarten av B-hallen ville koma.
Husnes Vekst vil ha ferje Sunde–Jektevik
Gode kommunikasjonar mellom Stord og Kvinnherad har alltid vore viktige for båe kommunane, men ikkje minst for Kvinnherad, skriv Husnes Vekst i ein uttale til sentrale instansar både på fylkes- og lokalplan.
No kan sommaren koma!
Den årlege dugnaden med rydding og forskjønning av badestranda i Borvika vart gjennomført med stor iver tidleg torsdag kveld.
Klart for ny badesesong i Borvika
Sjølv om vi framleis ventar på dei gode sommartemperaturane, er det i alle fall snart klart for ny badesesong i Borvika.
Husnes Vekst løftar blikket opp og fram
På medlemsmøtet i Husnes Vekst tysdag kveld presenterte styreleiar Åsmund Kåre Rørvik ei rekke planar og tiltak, som den revitaliserte organisasjonen har på agendaen framover.
Det handlar om framtida for Husnes
Dersom du har tid og interesse av å vera med på dugnader eller i ei arbeidsgruppe som skal utgreia og planleggja nye tiltak, så bli med i Husnes Vekst. Det er oppmodinga frå styret i den revitaliserte organisasjonen.
Omframt årsmøte og medlemsmøte
Tysdag 6. juni blir det både omframt årsmøte og medlemsmøte i Husnes Vekst. Til årsmøtet ligg det føre forslag om å endra eit par punkt i vedtektene for organisasjonen. Etterpå skal styret informera om sakene det blir arbeidd med for tida.
No kan det berre regna!
Vatn har vi nok av i dette landet. Men vi kunne tenkt oss andre forhold når vi er ute og går eller køyrer på Husnes, som til dømes her i krysset mellom Bogsnesvegen og Skogvegen, skreiv vi på nettsida vår i november i fjor.