Husnes Vekst løftar blikket opp og fram

Publisert av Kristian Hus

7. juni 2017

Det var god stemning på medlemsmøtet tysdag kveld. (Foto: Kristian Hus)

På medlemsmøtet i Husnes Vekst tysdag kveld presenterte styreleiar Åsmund Kåre Rørvik ei rekke planar og tiltak, som den revitaliserte organisasjonen har på agendaen framover.

– Vi må sjå opp og fram, sa styreleiaren då han presenterte styret sine planar for framtida. Ei viktig oppgåve blir å vera katalysator og pådrivar for all utvikling i området i åra som kjem. Bakteppet er det politiske vedtaket, både på fylkesplan og i Kvinnherad kommunestyre om at Husnes er eit av fleire regionsenter i Hordaland.

Rørvik fortalte på møtet at Husnes Vekst har etablert eit godt samarbeid med både ordføraren og rådmannen, samt Kvinnherad Næringsservice. Men det er viktig, og nesten avgjerande for å få noko til at langt fleire melder seg inn i Husnes Vekst, som kan vera med og dra lasset saman, påpeika styreleiaren.

Aktivitet rundt Husnes

Vidare er det viktig å få til ulike aktivitetar i bygdene rundt Husnes.

– Vi er gjensidig avhengig av kvarandre, sa Åsmund Kåre Rørvik. Han fortalte at styret også vil henta inn råd frå andre regionsenter, til dømes Norheimsund, om korleis dei har gått fram for å skapa vekst og utvikling i sine område.
Styreleiaren peika vidare på at det ei utfordring å få aksept i ulike miljø, også internt her i Kvinnherad, for at Husnes faktisk er regionsenteret i kommunen.

På den lange og omfattande lista over arbeidsoppgåver styret ser for seg, finn vi òg tiltak innafor både næringsliv, turisme, samferdsle og eldreomsorg. Husnes Vekst er blant anna oppteken av å styrkja rammevilkåra for både aluminiumverket og anna lokalt næringsliv. Å styrkja Husnes som handelssenter er ei anna viktig oppgåve.

Ingen rådhus-diskusjon

På møtet understreka styreleiaren at Husnes Vekst ikkje ønskjer å «fyra opp» under diskusjonen omkring flytting av rådhuset frå Rosendal. Han meiner det i staden er viktigare å sjå på kva type offentlege kontor eit regionsenter treng, både statlege, fylkeskommunale og kommunale, og arbeida utifrå det.

Innafor turisme og reiseliv er det blant anna eit mål å utvida samarbeidet med Husnes båtlag om blant anna marknadsføring og informasjon. På møtet vart det sagt at båthamna er ein betydeleg faktor for å dra fleire turistar til Husnes.

Omsorgsbustader for eldre er òg noko som opptek Husnes Vekst. Styret vil koma med krav til politikarane om at det blir meir fart i dette arbeidet i heile arbeidsområdet.

Om bygginga av ny fleirbrukshall på Husnes, sa styreleiaren at dette prosjektet no er i gode hender etter at både ordføraren og styreleiaren i Trio er komen med i arbeidet.

Samferdsle

Husnes Vekst meiner det også er viktig å ha fokus på alt som har med samferdsle å gjera. Det er alfa-omega for utviklinga av Husnes. Innkorting av ferjeruta mellom Kvinnherad og Stord er ei av dei viktigaste oppgåvene. Husnes Vekst vil vera ein pådrivar for gode ferjesamband frå og til kommunen, vart det sagt på møtet.
Det er også verdt å merka seg at Husnes Vekst vil arbeida for å få redusert, eventuelt fjerna bompengane gjennom Halsnøytunnelen.

Berre 13 personar var til stades på møtet og det fortel oss at styret har ei viktig oppgåve framfor seg, både med å engasjera dei som allereie er medlemer og få fleire til å melda seg inn i organisasjonen.

– Det nyttar å engasjera seg, og Husnes Vekst er eit forum å gjera det i, vart det presisert i møtet på GryHelge’s Restaurant.

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.