Foto: Elisabeth Skogseth
Storbygda i Kvinnherad
Velkomen til regionsenteret Husnes
Formålet vårt
Husnes Utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Vi arbeider for at området blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for å skapa eit godt bu- og livsmiljø for innbyggjarane.
«Husnes skal vera ein god stad å vekse opp, busetje seg og arbeide i. Det ønskjer vi i Husnes Utvikling å bidra til. Gjennom engasjement, samarbeid og inkludering har eg tru på at vi kan utvikle Husnes-bygda til eit levande lokalsamfunn og eit sterkt og sentralt regionsenter i kommunen.»
Merete Lillesand
Styreleiar i Husnes Utvikling
Visjonen vår
Inkluderande
Eit inkluderande Husnes tilrettelegg for alle aldersgrupper og samfunnslag. Vi snakkar om det fysiske; at ein i rullestol eller ein som køyrer barnevogn lett skal kunne bevege seg rundt på alle offentlege stader. Det skal også vera trygt å vera liten eller gammal. Gode gangstiar til alle fasilitetar som skule og butikkar må tilretteleggast. Alle grupper må kunne føla seg velkommen i dei ulike offentlege rom. Ein må kunne bevege seg i sentrum også på kveldstid og ikkje låsa av sentrumsområdet.
Nyskapande
Eit nyskapande Husnes må følgje med utviklinga og tenkja framover. Det må planleggjast for morgondagen. Energi kjem til å bli eit viktig tema framover og det må Husnes planleggja for. Å nytta spillvarmen frå Hydro Husnes er ei løysning. Det vert stilt større krav til bygningar og energibruk i framtida.
Urban
Husnes Utvikling meiner det må leggjast vekt på urbane strategiar for utvikling av sentrum. Eit urbant Husnes tilrettelegg for at bilar og menneska effektivt skal kunne flytta seg. Gode vegar med oversiktlege vegkryss, gode parkeringsplassar og tilrettelagt felt for gåande og syklande er viktig å prioritera. Ein urban stad har gode møteplassar både på dag- og kveldstid.
Nytt
Her er dei siste oppdateringane frå Husnes Utvikling.
Sommarfesten er utsatt til august
Grunna dårlege vêrmeldingar er årets sommarfest i Borvika utsatt til august.
Velkommen til årets dugnad i Borvika
Måndag 15. juni kl. 17.00 inviterer vi alle til dugnad i Borvika for å gjera den flotte stranda vår klar for sommarsesongen.
Prøvegraving på tomta til familieparken
Endeleg skjer det noko synleg på tomta der Husnes Familiepark skal byggast!











