Foto: Elisabeth Skogseth

Turar og friluftsliv

Kom deg ut på tur!

Om du har bil eller ikkje, har du eit stort utval av turar å velja mellom når du er på Husnes. Dugnadsgjengar har opparbeida mange og gode turstiar i området og vi er heldige som er omgitt av nydelege fjellområde.

Under skal vi prøva å tipsa deg om turar i området, men det er så mange alternativ at du nedst på denne sida vil finna lenker til ulike nettstader som har lagt ut informasjon om dei ulike turane. Er du brukar av appar som Postkassetrimmen og Fjelltoppjakten, er desse supre å bruka for å finna turalternativ i området.

Foto: Inge Audun Røssland

Turstiar

Foto: Elisabeth Skogseth

Langs Opsangervatnet

Flinke dugnadsgjengar har laga til flotte turstiar i området. Husnes Utvikling har vore med på å laga turstien som går langs Opsangervatnet, frå butikkane i sentrum bort til skulane. Denne stien passar for alle – om du går, køyrer barnevogn eller er avhengig av rullestol. På vegen bortover kan du ta deg ein avstikkar heilt ut til Kaldanesholmen for å nyta utsikta og roen. 

Foto: Sigrid Bjelland Mathisen

Kaldestadåsen

Bak skulane og idrettsanlegga ligg Kaldestadåsen. Her er det dei siste åra gjort ein kjempejobb med å rusta opp stiane. Halvegs opp er det laga ei lita rastehytte i det som heiter Stegabrekko. På toppen er det ei større rastehytte der ein kan eta nista si med flott utsikt over Husnes. Vidare kan turen gå ned til Kaldestad, Sunde eller Fenafjell om ein ikkje vil gå ned same vegen som ein kom opp.

Foto: Elisabeth Skogseth

Postvegen

Den Stavangerske Postveg mellom Stavanger og Bergen opna i 1785, og deler av denne gjekk gjennom Kvinnherad kommune og blant anna den vesle bygda Husnes. Posten vart frakta med båt og til fots i starten. I 2014 opna den restaurerte Postvegen med storslått opning på Husnes. Turen er ein flott tur for alle, og ein kan sjølv velja kor langt ein vil gå. Sjølve Postvegen går mellom Ølfernes og Herøysund og er om lag 25 kilometer lang. 

Foto: Elisabeth Skogseth

Søral-løypa

Søral-løypa går rundt Hydro Husnes (tidlegare SØRAL), golfbanen, og i skogområdet på oppsida av administrasjonsbygget til Hydro. Oversikt over løypa finn du her. Her kan du gå heile eller deler av løypa som ligg rett ved Husnes sentrum. Tidlegare vart Søral-løpet arrangert  i denne løypa, eit populært løp og turmarsj for både store og små. 

Foto: Ann Helen Aasen

Turar i fjella

For å komma deg på tur i fjella rundt Husnes, kan du enten gå eller køyra til Husnes Vassverk og parkera der.  Så snart du har gått over gangbrua og vidare på stien vil du sjå merka løyper til ulike turmål.

Den mest brukte stien tar deg til Bremstølen med nydeleg utsikt mot Husnes. Går du vidare oppover kjem du til Sundstølvatnet og deretter til Svartavatnet og hytta der. Er du ekstra sprek tar du turen vidare til Manen.

Ein annan sti vil ta deg til Mjelkhaug. Rett før siste stigninga opp til  Mjelkhaug er det merka sti over Svaneheia til Nordefjell. Cirka 400 meter nedanfor toppen av Mjelkhaug kjem eit stiskille. Tar du av i retning Valen vil stien ta deg til Vardhaugselet og den flotte hytta der. 

Enkelte startar heller turen opp til Nordefjell og Vardhaugselet ved å følga kraftlinjene som er godt synleg i fjellsida.

Stiane er godt merkte slik at det er lett å gå mellom dei oppmerkte turane nemnt her. Frå Mjelkhaug går det for eksempel ein tur til Svartavatnet, slik at ein kan gå opp den eine ruta og ned den andre. Bruk lenkene under når du skal planlegga turane dine. Her står det detaljert informasjon om  desse turane og mange fleire!

Etterkvart vil vi òg legga ut bilete og litt informasjon om turmål på Instagram-sida vår.

Ønskjer du å delta på turar?

Kvinnherad Turlag er eit lokallag av DNT og Bergen og Hordaland Turlag. Laget arrangerer turar for alle. Dei har turar tilpassa barnefamiliar, ungdom, fjellsportsinteresserte og seniorar. Dersom du ønsker å delta på fellesturar saman med Kvinnherad Turlag, kan du sjå oversikt over turar og finna kontaktinformasjon her.

Turar på nett

Her kan du finna meir informasjon om dei ulike turane i området.

Turar rundt Husnes

Turar i kommunen (Kvinnherad)