Foto: Elisabeth Skogseth

Prosjekta våre

Tursti langs Husnesparken

Ei oppgradering av stien langs Opsangervatnet.

Våren 2016 tok ei gruppe entusiastar med Morten Vevatne og Bjørn Heimvik i spissen initiativet til at det skulle setjast i gong eit tursti-prosjekt rundt Opsangervatnet. Otto Blokhus spelte òg ei sentral rolle i prosjektet. Raskt vart lag og organisasjonar bedt om å bidra, blant anna Husnes Vekst. Arbeidsgruppa som vart danna bestod av Otto Blokhus frå Seniorgruppa i Frivilligsentralen, Leif Thuland i LHL, Kari Natvik Røstbø i Husnes Vekst, Bjørn Heimvik i prosjektet Turstiar Sunde og Morten Vevatne. Arvid Solbakken og Roald Teigen var viktige bidragsyterar.

Første trinn var å laga ein tursti frå skulane, langs vatnet til den eksisterande turstien til Kaldaneset. Arbeidet starta med dugnader for å fjerna bos og rydda og reinska skog og kratt i juni 2016. Samstundes starta arbeidet med å skaffa pengar til prosjektet som var stipulert til å kosta rundt 500 000 kroner.

Hausten 2017 var prosjektet nesten fullfinansiert og største bidragsytar var Sparebank1-stiftinga Kvinnherad med 300 000 kroner. Også Sparebanken Vest deltok med 100 000 kroner gjennom prosjektet Hjertebank, forutan at prosjektleiinga med Bjørn Heimvik i spissen fekk inn eit tilsvarande beløp. Prosjektet fekk i tillegg ein gunstig avtale med kommunen som akkurat då utbetra Opsangervegen. Massar som vart fjerna her kom til nytte i grunnarbeidet med den nye turstien. 

18. mars opna den nye turstien (trinn 1) på 402 meter frå skulen til turstien ut til Kaldaneset. Sjølve opninga stod grunneigar Håkon Røssland for, og hendinga vart deretter feira med trimtur, turlotteri og turkafè der 300 menneske deltok.

Trinn 2 stod ferdig i februar 2019 då rastehytta «Håkonshallen» og tilhøyrande brygge vart opna. Deretter vart den eksisterande turstien ut til Kaldaneset oppgradert (trinn 3). 

Husnes Vekst, no Husnes Utvikling, er stolt over å ha bidrege til dette arbeidet!

Foto: Elisabeth Skogseth

Foto: Elisabeth Skogseth