Foto: Elisabeth Skogseth

Om Husnes Utvikling

Vi arbeider for at Husnes skal vere eit slagkraftig regionsenter

Om organisasjonen

Husnes Utvikling – tidlegare Husnes Vekst – blei skipa i 1987 som eit forum for samarbeid og utvikling av handels- og idrettssenteret Husnes, samt å vera pådrivar overfor kommunen og det politiske miljøet.

Visjonen er at Husnes skal vera eit inkluderande samfunn, tilrettelagt for alle aldersgrupper og samfunnslag. Gode gangvegar til alle fasilitetar, som skule og butikkar er eit mål. Alle grupper skal føla seg velkomne i ulike offentlege rom på Husnes.

Vi skal vera nyskapande og følgja med utviklinga og tenkja framover, og planleggja for det, spesielt etter at Hordaland fylkesting vedtok at Husnes skal vera eitt av fleire regionsenter i fylket. Difor meiner Husnes Utvikling at det må leggjast vekt på urbane strategiar for utvikling av sentrumsområda. Gode vegar med oversiktlege vegkryss, gode parkeringsplassar og tilrettelagte felt for gåande og syklande, er viktig å prioritera. Ein urban stad har gode møteplassar både på dag- og kveldstid.

Husnes Utvikling skal ivareta næringslivet sine felles interesser, arbeida for at Husnesområdet blir eit slagkraftig senter for industri, reiseliv, skule, idrett og kultur. Styret arbeider også for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggjarane i området.

I 2021 endra organisasjonen namnet frå Husnes Vekst til Husnes Utvikling.

Foto: Ann Helen Åsen

Foto: Elisabeth Skogseth

Har du noko på hjartet? Ta kontakt!