Foto: Elisabeth Skogseth

Stader å overnatta

Eit godt utgangspunkt

Husnes ligg sentralt plassert i eit svært vakkert og mykje besøkt område av Noreg. Om du skal besøka Husnes, bygdene rundt eller Kvinnherad kommune, er overnatting på Husnes eit svært godt og rimeleg alternativ.

Frå Husnes tar det 30 minutt å køyra til Rosendal eller 1 time til det vakre Bondhusvatnet inst i kommunen. Har du tenkt deg til Trolltunga er køyreturen til Tyssedal på rundt 1 ½ time.

Både hotellet, campingplassen og båthamna ligg sentralt i forhold til sentrum, fotturar og badeplassar.

Foto: Husnes Sentrum Hotell

Foto: Husnes Sentrum hotell

Husnes Sentrum Hotell

Husnes Sentrum Hotell ligg midt i sentrum av Husnes. Hotellet er nyoppussa og framstår som eit moderne og godt overnattingstilbod med gratis internett og TV på alle rom. Inkludert i prisen er frukost som blir servert i frukostsalen med nydeleg utsikt ut over Opsangervatnet og fjella i bakgrunnen. 

Hotellet tilbyr både døgnleige og leige over lengre tid.

 

Foto: Sigrid Bjelland Mathisen

Husnes Camping

Husnes Camping har ein overnatting for campingturistar med både telt, bubil og dei som ønskjer hytte. Campingen ligg midt i sentrum og ligg flott til ved Opsangervatnet og Odin-stranda. I vår opna  Husnes frisbeegolfbane (9 hol) i skogen rett attmed campingplassen. 

Husnes Camping har 10 hytter, 6 store og 4 små, som alle blei pussa opp i 2022. På området finn du Gry Helges Bar & Restaurant som har mykje godt på menyen. Dagens rett er ekte husmannskost, noko som er svært populært hos både fastbuande og turistar! 

Foto: Aleksander Espevik

Husnes Båthavn

Husnes Båthavn er ei trygg og skjerma gjestehamn ved innseglinga til Hardangerfjorden. Båthamna vart kåra til landets beste gjestehamn i 2005, 2006 og 2009 i ein prestisjefylt og landsdekkande konkurranse. I 2022 var båthamna igjen finalist, men denne gongen nådde dei ikkje heilt til topps.

Husnes båthavn tilbyr gjesteplassar for båt, bubil og telt og er tilrettelagt for funksjonshemma med heis på kaien. Klubbhuset har gode sanitærforhold og området rundt har fleire aktivitetstilbod, som tennisbane, sjakk i storskala, volleyballbane, flott badestrand og grillhytter. Rett i nærleiken finn du Kvinnherad Golfklubb. Om du går frå båthamna og inn til sentrum tar det deg rundt 15 minutt og båthamna har trillebagar du kan låna. I juli 2023 vil det gå skyttelbuss mellom Husnes Storsenter og båthamna, og i same periode får ein servert gratis rundstykke til frukost frå Spar Husnes. Ønskjer ein å lesa den lokale avisa Kvinnheringen, får ein den hos hamnevakta. 

Airbnb

På Airbnb kan du søka etter private overnattingsstader på Husnes og rundt om i kommunen elles.