Faksimile frå arkivet til Kvinnheringen

Historien til Husnes Utvikling

1987–2023

På slutten av 1950-talet var fleire av dei tradisjonelle næringane råka av krise, og folketalet gjekk nedover i Husnes-området. Etableringa av aluminiumsfabrikken tidleg på 1960-talet førde til ei stor omvelting i bygda; areal vart ekspropriert og vegar måtte leggjast om. På 80-talet hadde bygda fått eit litt negativt stempel, og enkelte eldsjeler meinte at det burde snuast til noko positivt.

Dei første åra

Opptakten til Husnes Vekst vart gjort i byrjinga av 1987. Den 16. mars vart det kalla inn til møte i samfunnshuset, der planane for skiping av ein ny organisasjon vart presentert. Eitt av føremåla skulle vera å etablera eit felles forum for samarbeid og utvikling av Husnes som handelssenter, og samtidig vera pådrivar overfor kommunen og politikarane.

Kristian Hus (initiativtakar/leiar), Svein Røyrvik, Eirik Sæther, Magne Ivarsøy og Jan B. Ingvaldsen vart valde til interimstyre og heldt konstituerande møte 24. mars 1987.

Det vart sendt ut brev til kring 120 bedrifter i Husnes – Sunde-området om den føreståande skipinga av selskapet. Dessutan hadde interimstyret møte med dåverande ordførar Thorleif J. Hellesøy, som signaliserte at Kvinnherad kommune ville støtta tiltaket. Det vart også søkt om midlar frå Kommunal- og arbeidsdepartementet og Hordaland fylke.

Selskapet vart formelt stifta 12. oktober 1987 med følgjande styre: Kristian Hus (leiar), Svein Røyrvik, Jens Ottersen, Jostein Haktorson og Jørgen Nilsestuen.

Kjell O. Nygård vart seinare tilsett som dagleg leiar i eitt års engasjement. Han hadde då permisjon frå Kvinnherad kommune.

Etter nokre år vart aksjeselskapet oppløyst, men organisasjonen bestod og dreiv vidare utan formell dagleg leiar.

Faksimile frå arkivet til Kvinnheringen

Faksimile frå arkivet til Kvinnheringen

Arbeidet fortset

I 1995 vart Husnes Vekst og Husnes Sentrumsforening slegne saman, med mykje av dei same oppgåvene som dei to foreiningane kvar for seg hadde arbeidd med til då. Annemor Ekeland vart tilsett som ny dagleg leiar og heldt fram i stillinga til 2003. Seinare hadde ikkje organisasjonen nokon fast tilsett, men blei leia av arbeidande styreleiar på deltid. Aktiviteten vart etter beste evne halde oppe på frivillig basis.

I samband med prosjektet «Eit vakrare Husnes» på den tida vart det lagt ned eit stort arbeid. Styremedlemmer hadde ei rekke møte med kommunen, politikarar og andre i samband med dette. Det vart òg arrangert fleire opne møte, der publikum fekk innsikt i planane.

Husnes Vekst har vore representert i styret for Kvinnherad Kulturfestival og har også bidrege økonomisk til det årlege kulturtiltaket på Husnes. Organisasjonen har òg hatt ansvar for lysa i parken langs Opsangervatnet i samband med julefeiringa, samt beplantning i sommarsesongen. Husnes Vekst har arrangert fleire opne møte, der fokuset har vore å få folk engasjert og bli medlemmer.

Mange aktuelle saker har opp gjennom åra kravd engasjement både av styret og einskildmedlemmer. Nytt kulturskulesenter, parkområdet ved kyrkja og ombygging av krysset ved Hellandsbrua er typiske prosjekt der Husnes Vekst har vore involverte og engasjerte. Sentrumsutbygginga har òg vore ein viktig del av styret sitt arbeid.

Faksimile frå arkivet til Kvinnheringen

Arbeidet dei siste åra

Husnes Vekst var i si tid ein av pådrivarane for at det i det heile tatt vart noko offentleg badestrand på Husnes. Organisasjonen har satt opp eit toalettanlegg og sørger for at det er ein dugnad der kvart år for å klargjera stranda for sesongen. Badestranda har ein del sesongar hatt ein badeflåte liggande i sommarsesongen, og i 2021 vart det kjøpt inn ei vasstrampoline i tillegg. Ei lik trampoline ligg òg ved brygga på Opsangervatnet.  

I 2016 inngjekk Husnes Vekst eit samarbeid med prosjektet Turstiar Sunde. Målet med prosjektet var å oppgradera eksisterande stiar og laga nye der det var behov for langs Opsangervatnet. Prosjektet gjekk frå campingplassen til Kaldaneset og til skulane, og Kari Natvik Røstbø deltok i arbeidsgruppa frå Husnes Vekst. Turstien opna i april 2018 og er ein populær og mykje brukt sti.

Etter at Husnes vart regionsenter i desember 2014, har organisasjonen vore engasjert i Kvinnherad kommune sine planar for regionsenteret Husnes. Dei har òg engasjert seg for saker som Kvinnherad Arena, oppstillingsplass for bubilar i Husnes båthavn og i 2019 laga dei ein trafikksikringsplan for Husnes og områda rundt som vart levert til kommuneleiinga.

Husnes Vekst har vore, og er, oppteken av samferdsel. Organisasjonen har jobba både for innkorting av ferjereiser, sambandet Sunde-Jektevik og Sunnfast. Håkon Røstbø deltek på møter i ei referansegruppe som ser på korleis ein kan bygga ein arm for å kopla saman E134 med E39.

I mars 2021, på dagen 34 år etter at Husnes Vekst blei etablert, endra organisasjonen namn til Husnes Utvikling. I desse dagar arbeider organisasjonen blant anna med Husnes Familiepark. Bakgrunnen for dette prosjektet var styret såg at Husnes har ein flott park, mange turstiar og idrettsanlegg, men ingen leikeplass i sentrum. Familieparken er planlagt ved campingplassen og ligg fint plassert ved Odin-stranda og den framtidige frisbeegolfbana.

Elles har ein fått på plass informasjonsskilt i båthamna og satt i gong prosjektet Husnes Pryd som skal gå over fleire år. Tanken bak prosjektet er å gjera Husnes til ein meir attraktiv stad å både bu og besøka. Dette vil ein få til med mellom anna planting av tre og blomar, men òg ved å skapa møteplassar for unge og gamle.

Foto: Elisabeth Skogseth

Takk til Kvinnheringen ved Mona Grønningen for lån av bilete og avisutklipp frå arkivet deira.