Illustrasjonsbilete: Signe Torill Skogseth
Aktuelle prosjekt
Husnes Familiepark
Ein leikeplass i sentrum.
Husnes har allereie ein flott park, mange turstiar og eit stort idrettsanlegg. Styret som vart valt inn i 2020 såg at Husnes mangla ein leikeplass i sentrum, og slik vart ideen om Husnes Familiepark født.
Ein slik leikeplass har vore etterspurt av både innbyggjarane på Husnes og av tilreisande og turistar. Området på sørsida av Husnes Camping vart peika ut som eit passande område.
Familieparken skal vera gratis for å fremja trivsel, aktivitet og folkehelse for innbyggjarar og tilreisande. Dette vil bli ein leikeplass og samlingsplass som skal vera open heile året. Den passar spesielt for barnefamiliar og ungdommar, men her kan alle aldersgrupper kosa seg. Det vil bli lagt til rette for sitjegrupper i parken der dei vaksne kan sitja og slappa av medan dei små boltrar seg i leikeapparata.
Prosjektet vil setja regionsenteret Husnes på kartet. Vi i Husnes Utvikling ser på Husnes Familiepark som eit spanande og nyttig prosjekt for å auka trivselen på Husnes.
Innsamling av pengar
Styret, med Ellinor Rein i spissen, starta på arbeidet med å samla inn pengar i 2021. I mai same året fekk ein tildelt 175 000 kroner frå Ildsjelfondet til Sparebankstiftelsen Sparebank Vest.
Lokale firma vart òg kontakta om ein treårig sponsorpakke for åra 2021-2023. Dei som støtta oss på denne måten var Kvinnherad Breiband, Reins Maskinering, Pizzabakeren Husnes, HMR Group, Husnes Sentrum Hotell, Husnes Pit-Stop Service, Stripo Eigedom AS og Husnes Tannlegesenter.
I februar 2022 vart det arrangert ein digital basar der sjølvaste Arne Torget stod for trekninga. Engasjementet rundt loddsalet var enormt og det vart samla inn rundt 80 000 kroner.
4. april 2022 var ein svært gledeleg dag for prosjektet . Denne kvelden delte Sparebank 1-Stiftinga Kvinnherad ut pengar, og Husnes Familiepark fekk ei tildeling på heile 1 million kroner!
Illustrasjonsbilete: ASK interiørarkitektur
Ein idé blir visualisert
Ved hjelp av ASK interiørarkitektur og arkitekt Linda Helen Johansen Ask fekk styret laga illustrasjonsbilete og ein video som viser korleis ein tenker seg at prosjektet kan bli. Ved idéstart såg ein for seg både ein leikeplass på land og ein vasspark i Opsangervatnet.
Det er prosjektet på land ein jobbar med no, og nye illustrasjonsbilete er laga av arkitekt Signe Torill Skogseth. Ho har bidrege med gratis prosjektering dei siste åra og har laga skisser og bilete som er sendt til kommunen våren 2025. Dei fleste av bileta på denne sida er laga av henne.
Framdrift i prosjektet
Hausten 2025 kan vi slå fast at dette prosjektet dessverre har tatt alt for lang tid, og at vi enno ikkje kan gi ein oppstartsdato som fleire har etterspurt.
Kommunen blei raskt tatt med på synfaring på tomta, og vi møttest både på tomta og i møter dei neste åra. Til tross for dette var det først i mars 2023 at kommunen informerte oss om at tomta er LNF-område og at vi difor måtte søka dispensasjon hos statsforvaltaren. Dette var ein omstendeleg prosess, men vi fekk ja av både dei og deretter forvaltningskomiteen. Deretter fekk vi beskjed om at vi kunne søka om igangsetjingsløyve, men det viste seg at vi måtte søka om byggeløyve og slike prosessar tar tid. I lang tid høyrde vi ingenting frå kommunen før vi kunne lesa i Kvinnheringen 9. september at dette skuldast ei misforståing. Allereie 17. oktober var kommunen og Husnes Utvikling samla til eit nytt planleggingsmøte.
Ein familiepark på Husnes er svært etterlengta og er noko både Kvinnherad kommune og Husnes Utvikling ser på som svært positivt for innbyggjarane. No får vi legga fortida bak oss og jobba i lag for at prosjektet kjem i mål så snart som mogleg.

