Foto: Elisabeth Skogseth

Mat og drikke

Stader å eta

På Husnes har du mange stader å velgje mellom om du er svolten! Her finn du alt frå  lunsjplassar med bagettar, salatar, kaker og populære donuts, til pizza, kinamat og kebab. Ønskjer du meir tradisjonell husmannskost eller à la carte-meny finn du dette òg!

Under finn du ein oversikt over dei ulike plassane og kor du finn dei. Bruk lenkene til å finna meir detaljert informasjon om kvar enkelt plass. God appetitt!

Foto: Elisabeth Skogseth

Foto: Elisabeth Skogseth

Bra Lunsj Cafè

Lunsjplassen Bra Lunsj Cafè finn du på Husnes Storsenter. Her kan du kosa deg med alt frå bagettar, wraps, club sandwich til salatar. Ønsker du deg noko søtt til kaffien har dei kaker og populære fargerike donuts for å nemna noko.  

China Restaurant Husnes

China Resturant Husnes ligg i Husnes Storsenter i nærleiken av Jysk, men har inngong frå utsida. Matgleda er ein svært viktig del av kinesisk kultur, noko restauranten har stort fokus på. Dei tilbyr mange ulike kinesiske rettar, men òg europeiske rettar om du heller har lyst på det. 

Gry Helges Bar & Restaurant

Gry Helges Bar og Restaurant er ein koseleg og imøtekommande restaurant som du finn på Husnes Camping. Restauranten har en god og variert meny som passar for både store og små. Dagens middag er skikkeleg god norsk husmannskost!

Plassen har både inne- og uteservering og i helgene tilbyr dei av og til livemusikk.

Pizzabakeren

Pizzabakeren finn du i same bygget som Husnes Sentrum Hotell. Dei har ein rikhaldig pizzameny som du kan nyta i lokala deira, enten inne eller ute. Om du vil eta pizzaen heime, kan du henta den sjølv eller så køyrer Pizzabakeren den ut til deg alle dagar i veka.

Sana Kebab og Pizza

Spør du ein som kjem frå Husnes eller områda rundt, vil du få beskjed om at Sana  sin kebab er ein av Noreg sine aller beste!  Sana Kebab og Pizza finn du i sentrum av Husnes på oppsida av Husnes Storsenter. 

Circle K

Kjem du køyrande inn mot Husnes sentrum er Circle K noko av det første du ser. Her tilbyr dei både pizza, burger og pølser i tillegg til sandwich og salater for å nemna berre noko. 

Retro Brukthandel & Café

Når ein svingar inn til Husnes frå fylkesvegen ligg Retro Brukthandel & Cafè  rett til høgre når ein kjem over Hellands-brua. På kafeen finn du mykje godt til svært gode prisar. Alt er heimelaga!

 

Foto: Elisabeth Skogseth