Historien til Husnes

Frå landbruk til industrireising

På slutten av 1950-talet var fleire av dei tradisjonelle næringane råka av krise, og folketalet gjekk nedover i Husnes-området. Etableringa av aluminiumsfabrikken tidleg på 1960-talet førde til ei stor omvelting i bygda; areal vart ekspropriert og vegar måtte leggjast om.

Mange tilreisande anleggsarbeidarar kom frå heile landet. Det kom ingeniørar frå Mellom-Europa og arkitekt frå Bergen. Planlegginga av både bedrifta og områda ikring bar preg av klasseskilje mellom arbeidarar og funksjonærar. Funksjonærane sine bustader vart bygde i Bogsnes, som er vendt mot fjorden og mot sør. Der vart det også laga ein tennisbane for sveitsarane som budde der.

Arbeidarane fekk i hovudsak bustader i rekkjehus i Troåslia. Husa var romslege og med høg standard etter den tida, det var til og med parkett på stovegolvet. Alt måtte skje i stor fart, då det var stor mangel på bustader for dei som flytta til bygda.

Den første tida etter at SØRAL starta aluminiumproduksjonen var det eit stort gjennomtrekk av arbeidarar. Bygda var prega av ulike dialektar, for det meste frå Nord-Noreg og Sogn. Etter kvart fekk Husnes sin eigen dialekt; ei blanding av ulike innflyttardialektar og den lokale. Ei tid var det også både nynorsk- og bokmålsklassar i folkeskulen.

Fram til 1960-talet låg Husnes «sentrum» vendt mot sjøen der fabrikken sitt kaiområde er i dag. Der var dampskipskai, utstillingshallar for det årlege fesjået, kolonialbutikk og postkontor.

Det nye Husnes vart bygd ut i samsvar med rådande teori for tettstadplanlegging på 1960-talet. Alle funksjonane var delte, folk skulle ikkje bu i sentrum og skulane skulle skjermast. Det nye Husnes sentrum blei opparbeidd vest for Opsangervatnet, medan skulane vart bygde lenger vekke frå sentrum, og mot Kaldestadåsen. 

Allereie i 1967, to år etter at Sør-Norge Aluminium (SØRAL) starta opp aluminiumsproduksjonen, opna Husnes Butikksenter. Dette var eit av dei aller første butikksentera på Vestlandet. Seinare har fleire senter opna og blitt bygd ut, og Husnes har blitt handelssenteret i Kvinnherad.

Husnes-samfunnet blir danna

Frå å vera ei bygd med få innbyggjarar som levde av fiske, skog- og jordbruk, blei Husnes på 1960-talet endra til ein industristad med fleire innflyttarar enn fastbuande. Innflyttarane hadde ikkje røter i bygda og følte seg ikkje tilknytt på same måte, som dei som hadde budd på same staden i generasjonar. Endringane med nye vegar, bygg, folk og næringsverksemder (fleire kom i kjølevatnet av SØRAL) over få år, gjorde at Husnes blei ein litt «vill vest»-stad i ein periode. Få hadde høgare utdanning, men dei som hadde det kom frå bymiljø, der dei var vane med å tenkja stort.

Dei mange innflyttarane på Husnes skapte ein del utfordringar. Eit nytt samfunn skulle skapast fysisk og ikkje minst sosialt. Dette har prega Husnes-samfunnet heilt fram til i dag på ein positiv måte. Det viser igjen når ein i ettertid ser korleis bygda har blitt ein stad med stor aksept for nye innbyggjarar, enten dei er frå Austlandet eller Afrika!

Ein er i dag generelt også meir opne for nye idéar og utvikling dersom ein samanliknar med andre bygder i Distrikts-Noreg. Når Husnes ikkje har stor bagasje i form av historie, så tillèt det ein fridom til å gjera noko framtidsretta og nyskapande utan å måtta sjå seg tilbake.

Husnes si innflyttarhistorie gjer at staden er ulik dei andre lokalsamfunna i Kvinnherad. Eit nytt og velutvikla industrisamfunn bidrar til at andre delar av kommunen får framgong. Kommunen treng stader med ulike kvalitetar og det er viktig å dyrka desse fram til å bli identitetsskapande. Folk flest likar å bu og oppleva ulike stader.

Husnes kan bli ei dragkraft for å få utdanna kvinnheringar og andre til kommunen ved å tilby ein inkluderande og nyskapande stad med urbane kvalitetar.

Takk til Hydro Husnes ved Geir Berntzen for utlån av bilete.