Status familiepark og fontene

Publisert av Husnes Utvikling

8. oktober 2024

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken.

Familiepark: I førre veke hadde vi eit konstruktivt møte med kommunen. Vi har ein tett dialog og håper å komma endeleg i mål innan kort tid. Det har vore ein veldig tidkrevjande prosess men vi ser endeleg ljos i tunnelen.

Fontena: Som omtalt i Kvinneringen i august har kommunen snudd, etter press frå fleire aktørar deriblant Husnes Røyr. Sistnemnde har føreslått ei løysing og vil saman med kommunen jobbe for å få liv i fontena på vårparten neste år. Akkuratt kva tid spruten vil stå er uklart, men vi håpar at det er liv innan 17.mai. Husnes Utvikling vil følgje saka tett sjølvsagt 🙂

Siste artiklar

Medlemsmøte

Medlemsmøte

Tysdag 5. mai kl. 18.00 inviterer vi til medlemsmøte på Kvinnherad vidaregåande skule. På møtet går vi gjennom budsjett og handlingsplan. Velkommen!