Ikkje kødd med pengane til Kaldestadvegen!

Publisert av Sigrid Bjelland Mathisen

14. mars 2024

Dette lesarinnlegget vart publisert i nettutgåva til avisa Kvinnheringen 14.03.2024

Det er med stor uro me har fått stadfesta rykta om at trafikksikringspakken til Kaldestadvegen er i spel og at «nokon» ønskjer å bruka desse pengane til andre prosjekt med overskridingar. Ordføraren seier i eit svar på spørsmål frå Ove Lemica, Frp, mellom anna at grunnavståing er sett på vent.

No når me var på målstreken for å setja spaden i jorda for den svært etterlengta og høgst påkrevde trafikksikringa av den farlegaste skulevegen i kommunen, får me dette slaget i trynet.

Reguleringsplanen er ferdig og prosjektet skulle lysast ut på anbod no i vår, var lovnaden me fekk frå fylket sin kontaktperson i Kvinnheradpakken, Bjørnar Eidsnes i VLFK.

Her har tydelegvis nokon snakka saman som det heiter i metaforen. Men det såkalla kontaktutvalet for Kvinnheradspakken med representantar frå fylket og kommunen lyt forhalda seg til gjeldande vedtak frå kommunen sitt øvste organ, kommunestyret, dei som alle andre. Dei kan ikkje vera ute av demokratisk kontroll som ein stat i staten.

Husnes Utvikling kan ikkje akseptera at trafikksikring av denne ulukkesbelasta vegen med fleire dødsulukker og alvorleg skadde endå ein gong vert utsett. Me krev at spaden vert sett i jorda så snart det let seg gjera. Liv og helse må komma først. Me har ingen barn å mista.

For Husnes Utvikling

Arne Bernhard Olsen
Signe Torill Skogseth
Per Henrik Opdal
Heidi Sande Gertz
Håkon Røstbø
Åsmund Lilleaas

Siste artiklar

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Husnes Utvikling ønskjer velkommen til Åsmund Kåre Rørvik sine populære føredrag om Husnesområdet si historie. Føredraga kan ein høyra i Kinosalen i Kulturhuset Husnes i april.

Årsmelding

Årsmelding

Lurer du på kva som har skjedd i 2025 og kva planar vi har for 2026? Her kan du lesa årsmeldinga!

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 10. mars 2026 kl 18.00. Møtet finn stad i Møterom 1 - Kulturhuset Husnes. Inngongen ved Festsalen....