Merknad til arealdel

Publisert av Sigrid Bjelland Mathisen

11. juni 2023

I vår sendte Kvinnherad kommune ut eit forslag til Kommuneplan Kvinnherad 2050- Arealdel på høyring. Her kan du lesa kva merknader Husnes Utvikling har sendt inn.

Merknader til Kommuneplan Kvinnherad 2050 – Arealplan

Plan-ID: 2019007
Høyringsutkast: Mars 2023

Punkt 1: Utfylling i Opsangervatnet
Teksten under er henta frå kommunen sin arealplan om utviding av sentrumskjerne på Husnes.

«Med føremål om å styrkje sentrumskvalitetane i Husnes er det lagt opp til utviding av sentrumskjerna vendt mot Opsangervatnet. Økt byggjeland i den gangbare sentrumskjerna vil kunne bidra til å styrkje Husnes som eit attraktivt regionsenter. Utanfor sentrumsområde er Husnes i stor grad prega av til dels samanhengande eksisterande bustad- og næringsområde med omkringliggjande natur- og landbruksareal.»

Husnes Utvikling vil gå sterkt i mot utfylling i Opsangervatnet langs parken der ein føreslår å bygga ei rad blokker på det utfylte området. Parken i seg sjølv er ein pryd, fint opparbeid med turvegar og er svært mykje brukt av både lokale og tilreisande. Sjølv om ein kan sjå på bileta under at ein har tenkt på ein korridor med siktlinje ut mot vatnet, vil ei slik rad med store bygningar skapa ein unaturleg vegg og barriere, øydeleggja den fine utsikten frå mellom anna Nupen-parken, Torgplassen med spansketrappa mot Opsangervatnet, Onarheimslia og fjellet. Slik misser ein kontakten med vatnet som speglar fjella i aust og friluftsaktivitetane, det yrande badelivet i vatnet og folkelivet langs stranda og i parken.

I teksten står det også at «Dagens parkområde tenkast utvida inn i området. Det må leggjast særleg vekt på gode uteareal». På bileta under varierer det kor langt bort i parken bygningane skal strekka seg. Eit bilete viser at heile området frå der lysthuset står i dag og heilt bort til Cirkle K skal byggast ut, med eit lite grøntareal framføre bygningane.

Husnes Utvikling ønskjer at området skal stå slik det gjer i dag, men at den siste delen av Husnesparken skal ferdigstillast. Dette er noko Husnes Pryd (undergruppe av Husnes Utvikling) har vore i kontakt med kommunen om fleire gonger det siste året. Dei har hatt befaring med kommunen og har kome med forslag til kva som kan gjerast med området.

Punkt 2: Husnesparken og området langs Opsangervatnet
I arealdelen skriv Kvinnherad kommune at dei ønskjer at kommunen skal vera attraktiv å bu i, og at innbyggjarane deira difor må ha tilgang til friluftsområde og grøntområde. Husnes Utvikling vil difor komma med tankar om kva som kan gjerast i Husnesparken og områda tilknytt denne.

Husnesparken er eit område på Husnes som er mykje brukt, og som mange er svært glad i. Det er også eit område som er mykje diskutert, spesielt den delen av parken som ikkje er ferdigstilt. Frå Teigenbygget til Cirkle K er det berre tippa skotstein og fylt jord på. Kommunen har tidlegare lova at dette området, og området forbi Cirkle K og Europris, skulle opprustast, men denne lovnaden vart aldri oppfylt. Husnes Utvikling ber om at dette no vert gjort!

Frå austsida av bensinstasjonstomta og fram til dei to Hydro-nausta, har Søral i si tid laga ei delvis utmuring i vatnet. Denne bør fortsetjast og gjerast ferdig for heile strekninga. Framfor muren bør det byggast ei trebrygge og lagast skilje med autovern på mot vegen. Eit mindre område mot nausta kan ha nokre få parkeringsplassar for eventuelt stopp for fuglekikking og mating. Arealet er i dag uryddig og ujamnt med flekker av restasfalt og søledammar. Det vert for det meste berre brukt til parkering for tungtransport eller diverse reiskap og reklame. Ein av arealstrategiane til Kvinnherad kommune er at det skal leggast til rette for samanhengande vegnett for mjuke trafikantar. Om ein byggjer ut området mot Opsangervatnet på ein slik måte at det kan lagast sykkelsti heilt opp til Postvegen, kan dei som bur i Teigen og framtidige bustadfelt på austsida av vatnet raskt og sikkert komma seg til sentrum og skulane med få krysningar av veg.

I sjølve parken har mange kome med innspel til kva dei kunne ønskja seg. Fellesnemnar er at dei vil at parken skal bli ein stad der folk kan samlast, ein plass det skjer noko. Ein scene framføre lysthuset eller ein scene som flyt på vatnet har vore nemnt. Stor fontene ute i vatnet eller flytande badstu er andre ting folk drøymer om

Turstien vidare mot skulane, og ut mot Kaldaneset, har vore ein suksess og er mykje brukt. Denne stien burde vidareførast forbi skulane og vidare til Podlen. Dette er eit fantastisk flott område med stort potensiale som friluftsareal  og som bør sikrast gjennom regulering mot private interesser. Fleire eigendomar her er no til sals, og desse burde sikrast!

Punkt 3: Utviding mot vest
Husnes Utvikling ønskjer ei utviding av sentrum mot vest og mot Bogsnesvågen. Husnes er eit av svært få tettstader langs kysten som ikkje ligg til sjø. Når det no er lagt opp til bustadbygging i Bogsnes (Husnes Brygge), kan dette området ikkje lengre nyttast til offentleg føremål.

Med vegutvidinga og opparbeiding av området mellom Lonabråtet og Såfura til tomteland, ligg Bogsnesvågen enno betre til rette for å utviklast som Husnes si sjøside. Her kan ein sjå for seg bygningar som restaurant, båtservice, reiselivsbedrifter eller sjørelaterte butikkar og liknande. Her kan det etablerast strandpromenade og besøksbrygger i ein av dei beste hamnene på Vestlandet, som svært sjeldan eller aldri frys til. Dette passar godt med kva som står om byggjegrense mot sjø i dokumentet «Planskildring»:

«Byggjegrense mot sjø følgjer som hovudregel den funksjonelle strandsona, men har som føremål om å sikra at byggjeland som har ein funksjon i strandsona som til dømes naust, småbåthamn, sjøretta næring, turisme og sentrumsutvikling kan realiserast i samsvar med arealbruk som er avsett i kommuneplanens arealdel.»

Tanken er ikkje ny. Allereie i 2002 laga Ole Bjarte Røssland skissa ovanfor basert på ein idê frå Håkon Røstbø. Dette var før vegen frå Cirkle K til gamleskulen vart bygd. Som ein ser på kartutsnittet under, tenkjer Husnes Utvikling at ein kan utvikla eit større område enn tenkt i 2002. Ein strandpromenade er også i tråd med kva kommunen skriv i overordna del:

«I sentrumsområder er det også ein målsetnad å sikre strandpromenade for innbyggjarar og besøkande.»

Alt areal mellom fylkesvegen og sjø er utfylte massar frå utbygginga av Søral. Det vil vera naudsynt med spuntvegg langs strandsona og masseutskifting mellom vegen og spuntvegg i tillegg til mudring utanfor spuntveggen. Dette har blitt gjort mange stader, til dømes i mange båthamner og på Leirvik der området framleis heiter «Evjo».

Ei slik utbygging vil knyta Husnes til fjorden og legga til rette for båtturisme på ein heilt annan måte enn i dag med lang avstand mellom båthamna og Husnes sentrum. Ved å utnytta areala i dette området vil kyrkjegarden med sine grøntområde bli ein del av sentrum – ein bykyrkjegard. Kulturbygg som Lundagarden kan i større grad utnyttast til ulike kulturarrangement, og blir gamleskulen pussa opp kan dette bli ein samlingsstad som knyttar bygda saman. Slik kan sentrumskjerna utvidast.

I staden for å fylla ut i Opsangervatnet, kan ein altså utvida sentrum mot Bogsnesvågen. På det som er ubrukt land i sentrum må ein vurdera å byggja høgare enn ein har gjort til no, eller eventuelt gjera eksisterande bygg høgare.

Punkt 4: Tomteareal
Om ein ønskjer at fleire skal bu i sentrumskjerna bør ein vurdera å ha ein høgare utnyttingsgrad av tomteareal. Slik blir det mogleg å dela tomter i mindre areal for at fleire kan få kjøpt seg ei sentrumsnær tomt. Dette vil gjera Husnes-området enno meir attraktivt, og ein treng ikkje vera millionær for å få realisert sin første bustad.

For å avlasta mykje trafikk gjennom Husnes sentrum bør det vurderast å byggja ein veg frå Opsangervegen til Kaldestadvegen. Denne kan til dømes komma som ein forlenging av vegen inn til Kvinnherad Arena. Ein slik veg vil avlasta trafikken i sentrum, men også løysa ut mykje areal for til dømes bustadbygging.

Om Kvinnherad kommune vil  gjera seg attraktiv, må det ikkje berre satsast på at byggfirma skal stå for all utbygging. Mange ønskjer å skapa sin eigen heim, stå fritt til å byggja akkurat det huset dei ønskjer seg. Husnes-Sunde-området bør få regulert område for eineboligbygging utan tilknyting til eit byggefirma. Slik får ein ein meir variert utbyggingspolitikk!

Punkt 5: Bussterminal
I planskildringa vert det lagt stor vekt på kollektivtransport og at Husnes er eit viktig knutepunkt. Det har vore snakka om ny bussterminal på Husnes i lang tid, og merking av veg og liknande vert ikkje gjennomført i påvente av denne. No må ei endeleg avgjerd om denne terminalen komma, og gamle og skjemmande busskur må oppgraderast eller fornyast!

Punkt 6: Husnes Båthavn
Husnes Båthavn er ikkje nemnt i arealdelen, men vi legg likevel ved eit vedlegg sidan småbåthamner er med i arealdelen. Vedlegget er ein uttale sendt til NVE om høgspentlinja som går over båthamna.

Punkt 7: Nebbo
I «Konsekvensutgreiing og ROS-analyse – Del 2 Akvakultur» er anlegget Nebbo nemnt med ei utviding på cirka 1000 daa, der arealet gir potensiale for justering av anlegg og større anlegg.

I teksten står det:

«Deler av arealet er i direkte konflikt med avgrensing for friluftsområde Husnes og Nebbo. Potensiell verknad er avgrensa bruk av sjøområde for båtutfart. Det er lovfesta fiske- og ferdselsforbod kring akvakulturanlegg på 100 og 20 meter. VA- og VKA-føremål nærmare friluftsområda enn dagens KPA, og moglegheit for å stenge deler av innløpet til vika. Deler av VKA overlappar med deler av friluftsområdet Nebbo. Fortøyningar lengre frå land vil ikkje vera til hinder for båtutfart. Utviding av arealføremål kan i noko grad ha negativ verknad for landskapsopplevinga.»

«Flytande anlegg som er synleg på sjøoverflata. Anlegget er i dag godt synleg i nærområdet, men i mindre grad frå fjernare areal. Innspelet vil kunne medføre ei meir eksponert lokalisering av anlegget enn i dag, samt dels stenge for innløpet til vika. Utvidinga kan ha negativ verknad for landskapsopplevinga.»  

«VA-føremålet kjem ikkje nærmare busetnad i søraust enn gjeldande KPA, medan det vert noko nærmare i vest. Avstanden mellom VA og busetnad er om lag 700 m. Konstruksjonar vil vera synlege i nærområdet og kan redusere bruk av sjøområdet. Potensiale for auka støyande verksemd i området

Sjølv om samla vurdering kjem med vilkår om at tilpassing av areal til friluftsliv og landsskap/arealbruk på land, samt føringar for at overflateanlegg ikkje skal gå inn i  kvitsektor frå Håganeset lykt, stiller Husnes Utvikling seg negativ til denne utvidinga.

Anlegget Nebbo ligg allereie på plassen, og er lite likt av husnesingar slik det er i dag. Naboar seier at krabbe-og hummarfiske utanfor og bak Nebbo er øydelagt. Det er ikkje mat i dei lengre, berre illeluktande evje. 

Kvinnherad kommune ønskjer fleire innbyggjarar fram til 2050, og har stor fokus på fortetting av sentrumskjerne. Husnes er meir enn sjølve sentrum, og mange som bur her set stor pris på den flotte utsikta utover fjorden. Dette er noko som også framtidige innbyggjarar vil setja pris på.

Med ei utviding av området vil den flotte utsikta i Bogsnes, Såfura, Røssland, øvre del av Husnes og Kaldestad bli sterkt forringa. At deler av innløpet vil bli stengt og at bruken av sjøområdet kan bli redusert er ikkje akseptabelt.

Ved å lesa den utheva skrifta i sitata ovanfor, og sjå på biletet under, er det sjølvklart at ein ikkje skal ha lov til å øydeleggja denne fantastisk flotte delen av bygda vår med ein arealutviding. Slike anlegg bør ikkje i utgangspunktet ha ei slik plassering!

Biletet viser Nebbo og området rundt. Tatt frå tomta til Troåsen Terrasse, eit leilighetsprosjekt med 10 leiligheter som har brukt nettopp utsikta som salsargument. Det andre store leilighetsprosjektet på Husnes, Husnes Brygge, vil ligga enno tettare på anlegget.

Husnes, 07.06.2023

Arne Bernhard Olsen, leiar i Husnes Utvikling

Vedlegg: Uttale Onarheim transformatorstasjon kan du lesa her

Bilete 1: Elisabeth Skogseth
Bilete 2,3 og 4: Henta frå arealdel
Bilete: 5: Skisse laga av Ole Bjarte Røssland etter ide frå Håkon Røstbø
Bilete 6: Kartskisse laga av Håkon Røstbø
Bilete 7: Henta frå arealdel
Bilete 8: Sigrid Bjelland Mathisen

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.