Uttale Onarheim transformatorstasjon

Publisert av Sigrid Bjelland Mathisen

6. april 2023

Foto: Aleksander Espevik, for Husnes Båthavn

Samen med Husnes Båthavn har Husnes Utvikling sendte ein uttale til NVE om høgspentlinja over Husnes Båthavn. Heile uttalen med forslag til endring kan du lesa i artikkelen under.

Uttale frå Husnes Båthavn og Husnes Utvikling

Husnes Båthavn er sterkt hemma av høgspentlinja som går over båthamna og innseglinga til båthamna og Bogsnesvågen. Høgspentlinja hindrar vidare utvikling av Husnes Båthavn og framtidig tilrettelegging for sentrumsnær sjøaktivitet for Husnes sentrum. Husnes som regionsenter har ikkje same utviklingsmoglegheit som samanliknbare sentra på Vestlandet.

I vedlegg 1 blir det peika på framtidige kraftbehov og forsterka straumnett:
«Onarheim transformatorstasjon vil forbedre forsyningssikkerheten i området, og forbereder for mange framtidige forsterkninger i strømnettet som vi står overfor i Sunnhordaland og til Haugalandet. Den nye stasjonen vil også legge til rette for økt kraftforbruk og småkraftproduksjon i Husnes og i omegn».

Me som uttaler oss her deler dette synet, men er uroa over at vekst og utvikling i Sunnhordland og Haugalandet vil skje på bekostning av vidare utvikling og vekst på Husnes og i Kvinnherad kommune. Me er kjende med at kommunestyret i Kvinnherad har skjerpa sin høyringsuttale vedr. pkt. 3 i uttalen til å setja fokus på sjøkabel i staden for luftspenn.

Vedlegg:
– brev til SKL, Sunnhordland Kraftlag, datert 14.08.1981
– omtale i avisa Kvinnheringen 17.08.1981

Desse vedlegga viser at problematikken med høgspentlinja over båthamna og innseglinga til denne og Bogsnesvågen, er velkjend.

I dag ville Statnett aldri fått konsesjon til å byggja ei høgspentlinje over ei eksisterande båthamn. Statnett uttaler i samband med bygging av Onarheim transformatorstasjon at dei i løpet av 10-15 år vil oppgradera HSP-linja mot Stord, som i dag går over båthamna og Bogsnesåsen og vidare i sjøkabel over fjorden, frå 300 til 420KV. Dei ser for seg sjøkabel over fjorden frå Langåt slik at linja over båthamna då vil bli fjerna. Me meiner på bakgrunn av den uhaldbare situasjonen dagens linje medfører for båthamna at denne omlegginga må vesentleg framskyndast.

Onarheim transformatorstasjon vil leggja beslag på eit stort område i den planlagde grøne næringsparken på Husnes. Når me veit at ei høgspentlinje i luft har byggjeforbodssone langs linja som bandlegg nesten 4 gonger så stort areal som jordkabel, 40 mot 11 m, må det i størst mogleg grad nyttast jordkabel. Dette må gjelda både siste strekket frå ny mast i lia ovanfor fylkesvegen og ned til stasjonen i tillegg til dei 2 nye planlagde 300KV linjene frå stasjonen som skal forsyna Hydro og linja vidare mot Stord når den skal oppgraderast til 420KV.

Statnett bør derfor straks gå i dialog med Kvinnherad kommune og saman planleggja trase for 420KV jordkabel frå Onarheim transformatorstasjon nordover i næringsparken til der kabelen går vidare i sjø i nordre ende av eksisterande industriområde. Kabelen kan gjennom næringsparken til dømes leggjast langs planlagt gjennomgåande veg for å bandleggja minst mogleg areal.

Me veit at det i dag i mykje større grad enn før ved nærføring av bustad, nærings- og industriområde vert nytta jordkabel framfor luftlinje både av omsyn til miljø, estetikk, folkehelse og arealbruk. Me er uroa over at linjetraséen i luftspenn over Husnes Båthavn ikkje er omtala i konsesjonssøknaden. Me oppmodar på det sterkaste at Statnett legg om linjetraséen for høgspentlinja slik som føreslege framom her.

Husnes, 1. april 2023

Olav Hilmar Koløy, leiar i Husnes Båthavn
Arne Bernhard Olsen, leiar i Husnes Utvikling

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.