Ny rastehytte på Bjellandsneset

Publisert av Sigrid Bjelland Mathisen

5. januar 2023

Om nokre veker opnar Turstiar Sunde den nye rastehytta si på Bjellandsneset. Hytta ligg flott til med utsikt mot Huglo.

Etter å ha lest mykje om den nye rastehytta på Turstiar Sunde si Facebook-side, tok vi i dag turen ut for å sjå kor langt dei var kome med bygginga. Turen starta innst i Vardhaugvegen på Bjelland. For detaljert informasjon om korleis ein kjem seg dit og kva stiar ein kan velga, kan du sjå på Kvinnherad Turlag si side.

Vi gjekk rett fram på traktorvegen til det stod eit skilt med Krabbahopen til høgre. Stien gjekk langs sjøen via Krabbahopen og ut til Bjellandsneset. Hytta ligg flott til heilt i sjøkanten med svaberg rundt og vil bli eit enno flottare turmål for store og små når hytta står ferdig. Turen tilbake gjekk via Storarøysa, ei gravrøys som truleg er frå bronsealderen.

Stien går i lett kupert terreng og der det er behov er det lagt ut klopper eller bygd trapper. Turen passar for dei aller fleste og ruta vi valde tar 1-1 1/2 time.

Siste artiklar

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Husnes Utvikling ønskjer velkommen til Åsmund Kåre Rørvik sine populære føredrag om Husnesområdet si historie. Føredraga kan ein høyra i Kinosalen i Kulturhuset Husnes i april.

Årsmelding

Årsmelding

Lurer du på kva som har skjedd i 2025 og kva planar vi har for 2026? Her kan du lesa årsmeldinga!

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 10. mars 2026 kl 18.00. Møtet finn stad i Møterom 1 - Kulturhuset Husnes. Inngongen ved Festsalen....