Optimisme på årsmøtet:
Husnes Vekst vil bli ein tydelegare aktør

Publisert av Kristian Hus

9. mars 2018

Styret i Husnes Vekst manglar ikkje arbeidsoppgåver (frå venstre): Guttorm Røssland, Kirsten Hals, Åsmund Kåre Rørvik, Oddmund Skår, Helge Vassvik, Marianne Lund Anderssen og Åsfrid Barstad. Forutan desse er også Per Magne Bringedal med i styret. (Foto: Kristian Hus).

Arbeidsoppgåvene står i kø for Husnes Vekst, men bygdefolket sluttar ikkje så godt opp om organisasjonen som ein må kunna venta. Berre 49 privatpersonar og ni bedrifter var medlemmer i fjor, og det er for lite, meiner styret. Likevel var det optimismen som rådde under årsmøtet torsdag kveld, der 16 medlemmer møtte opp. Så mange har det visst ikkje vore på eit årsmøte på fleire år, vart det sagt.

Styret la fram ei fyldig årsmelding for 2017, og fekk ros for godt arbeid for regionsenteret og det nære omland. Fleire peika på kor viktig Husnes Vekst er i den prosessen ein er inne i no, og oppmoda styret om å stå på vidare – og endåtil bli ein tydelegare aktør i samfunnet. Det utløyste applaus på årsmøtet.

Styreleiar Åsmund Kåre Rørvik gjekk gjennom årsmeldinga og den omfattande handlingsplanen, som viser at Husnes Vekst ikkje manglar arbeidsoppgåver i åra framover. Kvar av dei 12 punkta i planen inneheld ei lang rekke aktivitetar.

– Ambisjonsnivået har vore høgt, men det viser seg vanskeleg å få gjennomført alt vi har hatt planar om, skriv styret i årsmeldinga si. Skal Husnes Vekst greia å utføra alt ein ønskjer, må vi i større grad engasjera interesserte personar utanom styret, både medlemmer og andre, meiner styret.

Handlingsplanen omfattar desse sakene:

  • Regionsenter
  • Næringsliv
  • Statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar
  • Kommunale tenester og kontor
  • Turisme
  • Tomteland for einebustader
  • Omsorg for eldre
  • Turstiar
  • Ny fleirbrukshall
  • Trafikksikring
  • Samferdsle, spesielt sambandet mellom Husnes og Stord
  • Kultur

På årsmøtet vart det opplyst at Husnes Vekst har ein tilfredsstillande økonomi.

Åsfrid Barstad vart attvalt som styremedlem, medan Guttorm Røssland vart nytt styremedlem.
Helge Vassvik og Kirsten Hals blei attvalde som vararepresentantar til styret. Åsmund Kåre Rørvik (leiar) Per Magne Bringedal (styremedlem), Oddmund Skår (styremedlem) og Marianne Lund Anderssen (styremedlem) stod ikkje på val ved dette årsmøtet.
Even Teigen og Merete Moe Røssland vart attvalde som revisorar. Det same blei valnemnda; Per Henrik Opdal, Anna Prestnes og Kari Røstbø.

Årsmelding 2017

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.

Merknad til arealdel

Merknad til arealdel

I vår sendte Kvinnherad kommune ut eit forslag til Kommuneplan Kvinnherad 2050- Arealdel på høyring. Her kan du lesa kva merknader Husnes Utvikling har sendt inn.