No kan det berre regna!

Publisert av Kristian Hus

10. mai 2017

No kan vi snart gå tørrskodde forbi her.

– Vatn har vi nok av i dette landet. Men vi kunne tenkt oss andre forhold når vi er ute og går eller køyrer på Husnes, som til dømes her i krysset mellom Bogsnesvegen og Skogvegen, skreiv vi på nettsida vår i november i fjor. Vi peika då på at regnvatn i mange år har samla seg i store dammar i vegen og skapt problem for både gåande og køyrande forbi staden.

No har kommunen teke tak i problemet og held for tida på med gravearbeid og leggjing av nye røyr i grunnen.

Dette blir bra, trur vi.

Slik såg det ut etter nokre dagar med regn i november 2016. (Foto: Kristian Hus).

Siste artiklar

Husnes bør vidareførast som regionsenter

Husnes bør vidareførast som regionsenter

Vi har laga høyringsuttale til Regional plan for areal og mobilitet der ein foreslår å fjerne Husnes som regionsenter. 
Vi oppmodar næringsliv, politiske parti , lag- og organisasjonar og elles andre med interesse for eit sterkt regionsenter i Kvinnherad til å sende høyringssvar.

Rosa sløyfe-løpet Kvinnherad 2026

Rosa sløyfe-løpet Kvinnherad 2026

Laurdag 10. oktober blir løpet arrangert ved idrettsbanen på Husnes. Løpet blir arrangert av jentene bak Social Run Kvinnherad og Husnes Utvikling gler seg til å bistå med gjennomføringa.