Rørvik ny leiar i Husnes Vekst

Publisert av Kristian Hus

23. mars 2017

Åsmund Kåre Rørvik er klar for nye oppgåver.

Åsmund Kåre Rørvik (66) er valt til ny leiar i Husnes Vekst. Han overtek etter Åsfrid Barstad, som framleis er med i styret. Marianne Lund Anderssen vart på årsmøtet onsdag kveld også valt til nytt styremedlem.

Per Magne Bringedal og Oddmund Skår blei begge attvalte som styremedlemmer. Helge Vassvik er ny varamann til styret. Også Kirsten Hals er varamann til styret.

Rørvik har lang yrkeserfaring både frå industrien (SØRAL og Alcan i Sveits) og som sjef i Kvinnherad Sparebank. Før han vart pensjonist var han dagleg leiar i SpareBank1-stiftinga Kvinnherad. Han har også to periodar i kommunestyret og formannskapet bak seg.

Årsmeldinga for 2016 fortel om eit jamt godt arbeidsår, med ulike oppgåver for styret. Husnes Vekst har blant anna vore engasjert og pådrivar for å få realisert den nye gang- og sykkelvegen i Bogsnesbrekka, rundkøyringa ved Hellandsbrua, småhusvære i sentrum, ny idrettshall, trafikksikring og oppstillingsplass for bubilar i Husnes båthamn.
Det er også inngått avtale med organisasjonen «Turstiar Sunde» om tursti i Husnesparken. SpareBank1-stiftinga har bidrege med 200.000 kroner til dette prosjektet, medan SIM har ytt 6000 kroner.

Regionsenteret

Det går vidare fram av årsmeldinga at Husnes Vekst ønskjer å vera med i den kommunale arbeidsgruppa for utvikling av Husnes som regionsenter og at dei munnleg har fått tilsagn om ein slik plass. Men førebels har ikkje styret fått noko konkret tilbakemelding frå kommuneleiinga.

Det kan elles nemnast at Husnes Vekst i fjor vår samarbeidde med ungdomsskulen og storsenteret om rydding av bos frå skulane langs Opsangervegen, i parken og i sentrum. Rydding av friområdet i Borvika er eit anna konkret resultat av Husnes Vekst sitt arbeid i 2016.
Ved årsskiftet var 30 privatpersonar og 10 firma medlemmer av Husnes Vekst. Torghuset AS bidrog med 25.000 kroner i stønad til drifta.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.