No kan sommaren koma!

Publisert av Kristian Hus

22. juni 2017

Totalt femten stilte opp på dugnaden torsdag kveld. Her er 13 av dei.

Den årlege dugnaden med rydding og forskjønning av badestranda i Borvika vart gjennomført med stor iver tidleg torsdag kveld. Femten entusiastiske og miljøbevisste husnesingar i ulike aldrar stilte opp for å gjera Husnes si einaste offentlege badestrand fin og imøtekomande framfor sesongen.

Dugnadsleiar Brede Grønningen er godt nøgd med oppslutnaden. Han fortel endåtil at endå fleire arbeidsvillige gjerne ville vore med på dugnaden, men at dag og tid ikkje passa for alle. Men dei som møtte opp gjorde ein fin-fin jobb med å fjerna tang og tare i heile badestranda. I tillegg vart ein del anna rot, fjølendar og slikt fjerna og gjort klart for bortkøyring.

– Så no kan sommaren berre koma, var omkvedet blant dei vi snakka med i Borvika under dugnaden. Her er i alle fall alt klart for folk som vil nyta sommar og sol og badeliv, la dei til.

Brede Grønningen seier på vegner av Husnes Vekst at det er svært bra at så mange stiller opp for å gjera det enno meir triveleg i regionsenteret Husnes. Friområda utanom sentrum skal òg vera fine og trivelege, seier han.
Grønningen trekkjer spesielt fram Øystein Andreas Ynnesdal, som på eige initiativ slår graset i Borvika når det er behov for det. Så her er mange entusiastiske folk, som kvar på sin måte vil vera med og løfta Husnes opp og fram, avsluttar dugnadsleiaren.

Det er Kvinnherad kommune som eig friområdet i Borvika, medan Husnes Vekst i mange år har sytt for vedlikehald av både stranda og toalettanlegget, som organisasjonen fekk bygt for nokre år sidan.

Rune Hjelmeland var òg med på dugnaden. Bildet på framsida viser Finn Are Berntzen i aksjon.
Og så blei det kaffi og kaker servert av Even Teigen.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.