by Kristian Hus | 10. april 2016
NAV har endeleg fått nye kontor på Husnes, etter at dei måtte flytta frå Aksen etter den omfattande vasslekkasjen der i mars 2015. No er den statlege tenesta flytta inn i dei nye kontormodulane på plassen nedanfor Panorama Senter.
by Kristian Hus | 04. april 2016
Det nye styret i Husnes Vekst hadde sitt første møte måndag 4. april. Åsfrid Barstad tek fatt på ein ny periode som leiar, medan Per Magne Bringedal vart ny nestleiar etter Jan B. Ingvaldsen.
by Kristian Hus | 31. mars 2016
Arbeidet med den 250 meter lange gang- og sykkelvegen i Bogsnesbrekka på Husnes nærmar seg avslutting. Denne veka driv entreprenørfirmaet Musland Maskin på med opprydding, grusing og jordkledning av området, og i midten av april skal dei leggja asfalt på nyevegen.
by Kristian Hus | 29. mars 2016
Med økonomisk bistand frå Kvinnherad kommune sitt næringsfond, presenterer Husnes Vekst no si nye nettside.
by Kristian Hus | 28. mars 2016
Å utvikla Husnes som regionsenter står høgt på prioriteringslista til både politisk og administrativ leiing i Kvinnherad kommune sa ordførar Peder Sjo Slettebø.
by Kristian Hus | 28. mars 2016
Styret i Husnes Vekst skal konsentrera arbeidet sitt dette året om seks viktige oppgåver, har Årsmøtet bestemt. Husnes som regionsenter står heilt øvst på handlingsplanen.
Nye kommentarar