Regionsenteret har høg prioritet

Publisert av Kristian Hus

28. mars 2016

– Det er vanskeleg å sjå noko som helst resultat av det politiske vedtaket i august 2015 om å setja i gang eit forprosjekt, meiner Ove Lemicka.
– Det er vanskeleg å sjå noko som helst resultat av det politiske vedtaket i august 2015 om å setja i gang eit forprosjekt, meiner Ove Lemicka.
Ordførar Peder Sjo Slettebø seier at arbeidet med regionsenteret står høgt på prioriteringslista. (Arkivfoto: Kristian Hus).
Ordførar Peder Sjo Slettebø seier at arbeidet med regionsenteret står høgt på prioriteringslista. (Arkivfoto: Kristian Hus).

– Å utvikla Husnes som regionsenter står høgt på prioriteringslista til både politisk og administrativ leiing i Kvinnherad kommune. Det sa ordførar Peder Sjo Slettebø (H) i eit svar på ein interpellasjon frå Ove Lemicka (Frp) i siste kommunestyremøte. Ordføraren presiserte at utviklinga på Husnes blant anna skjer gjennom konkrete politiske vedtak, som til dømes vedtaket om ny idrettshall.

Ordføraren peika òg på at han omtalar regionsenteret Husnes rett som det er i møte med regionale og sentrale styresmakter.

Innleiingsvis i interpellasjonen sin peika Ove Lemicka på at det er vanskeleg å sjå noko som helst resultat av det politiske vedtaket i august fjor, der det vart bestemt å setja i gang eit forprosjekt for å koma på offensiven i arbeidet med regionsenteret. Etter planen skulle forprosjektet vore ferdig til august i år. Han ba om ordføraren si vurdering av kva kommunen kan gjera for å få saka ut or daudvatnet.

Motvilje på Stord

Frp-representanten hadde òg merka seg eit notat, der det blant anna kjem fram at Samarbeidsrådet for Sunnhordland har sett foten ned for å skaffa midlar til prosjektet som skal stimulera regionssenteret Husnes. Lemicka ba spesielt ordføraren om å gjera greie for kvifor dette har skjedd, og kva kommunestyret eventuelt kan gjera for å få Samarbeidsrådet interessert i å utvikla regionsenteret Husnes.

– Kva bør vi eventuelt gjera dersom Stordmiljøet motarbeider dette nye supplementet til Leirvik som regionsenter? spurde Lemicka blant anna.

Til det svara Sjo Slettebø at Samarbeidsrådet for Sunnhordland berre gjev midlar til prosjekt dei sjølve er ein del av. Arbeidet med å utvikla Husnes som regionsenter er i regi av Kvinnherad kommune, svara ordføraren diplomatisk.

Det er mangel på tilrettelagde bustadfelt i Husnesområdet. (Illustrasjonsfoto frå Borvika: Kristian Hus).
Det er mangel på tilrettelagde bustadfelt i Husnesområdet. (Illustrasjonsfoto frå Borvika: Kristian Hus).

Bustadfelt

I interpellasjonen kom Lemicka også inn på mangelen på tilrettelagde bustadfelt i Husnesområdet. Han viste til at Husnes dei siste 20 – 25 åra ikkje har hatt byggjeland eller tomter ut over det Bygger’n Teigen har bygd ut i Røsslandslia og dei felta nokre få andre mindre utbyggjarar har fått til innimellom eksisterande busetnad. Han heldt då utanom bygg med leiligheter i tilknyting til butikkar og næringsareal i sentrum.

Ordførar Peder Sjo Slettebø svara at det vil koma ei politisk sak om kommunalt engasjement om bustadbygging i løpet av våren.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.