Handlingsplan med seks viktige punkt

Publisert av Kristian Hus

28. mars 2016

Husnes Vekst vil arbeida for at den gamle brua over Hellandselva blir erstatta med ei ny og breiare bru. (Foto: Kristian Hus)
Husnes Vekst vil arbeida for at den gamle brua over Hellandselva blir erstatta med ei ny og breiare bru. (Foto: Kristian Hus)

Styret i Husnes Vekst skal konsentrera arbeidet sitt dette året om seks viktige oppgåver, har Årsmøtet bestemt. Husnes som regionsenter står heilt øvst på handlingsplanen.

I tillegg skal styret framleis engasjera seg for at planane for det nye krysset ved Hellandsbrua blir realisert – og at det blir optimalt lagt til rette for trafikantane. Men Husnes Vekst er ikkje berre oppteken av at det kjem rundkøyring på riksvegen, dei vil òg at den gamle brua blir erstatta med ei ny og breiare bru.

Statens vegvesen sa på eit møte nyleg at dersom forhandlingane om grunnkjøp går i orden, tar dei sikte på å koma i gang med arbeidet med rundkøyringa før jul.

Trafikksikring i sentrum er den tredje saka i Husnes Vekst sin handlingsplanen for 2016. Organisasjonen vil dessutan pressa på der ein kan for at det blir fleire tomter for einebustader, spesielt i sentrum. Også omsorgsbustader for eldre, står i handlingsplanen.

Statlege arbeidsplassar

– Det er også viktig for eit regionsenter å få fleire statlege arbeidsplassar til Husnes, seier styreleiar Åsfrid Barstad. Ho har merka seg utspelet frå stortingsrepresentant André N. Skjerstad (V), som ønskjer å styrka dei nye regionsentera rundt om i landet ved å flytta slike arbeidsplassar ut av Oslo.

– I Danmark planleggjer politikarane å flytta 3900 statlege arbeidsplassar ut frå København, og noko liknande bør vi kunna få til her i landet òg, meiner styreleiaren. I ein slik situasjon må vi på Husnes liggja frampå for å få nye arbeidsplassar hit.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.