Velkommen til årets dugnad i Borvika

Publisert av Sigrid Bjelland Mathisen

12. juni 2026

Måndag 15. juni kl. 17.00 inviterer vi alle til dugnad i Borvika for å gjera den flotte stranda vår klar for sommarsesongen.

Stranda skal ryddast, plenen skal klippast og området skal stellast slik at det ser flott ut. Rive, trillebår eller noko å grava/luka med er utstyr som kan vera lurt å ta med seg. Om nokon ønskjer å ta med seg kaffi eller kaker blir vi svært takksam for det!

Siste artiklar

Medlemsmøte

Medlemsmøte

Tysdag 5. mai kl. 18.00 inviterer vi til medlemsmøte på Kvinnherad vidaregåande skule. På møtet går vi gjennom budsjett og handlingsplan. Velkommen!