Det handlar om framtida for Husnes

Publisert av Kristian Hus

22. mai 2017

Styret i 2017.

– Dersom du har tid og interesse av å vera med på dugnader eller i ei arbeidsgruppe som skal utgreia og planleggja nye tiltak, så bli med i Husnes Vekst. Det er oppmodinga frå styret i den revitaliserte organisasjonen. Dei ser gjerne at langt fleire samfunnsengasjerte personar vil delta i arbeidet med å gjera Husnes til ein god stad og bu på, og driva verksemd i.

– No handlar det om Husnes og Kvinnherad si framtid, poengterer styret.

Med utgangspunkt i den vedtekne handlingsplanen, har styret sett opp ei rekkje aktivitetar som dei vil prioritera framover. Aller først på lista står arbeidet med å styrkja Husnes som regionsenter, i tråd med Hordaland fylkesting sine vedtak. På medlemsmøtet tysdag 6. juni blir det orientering både om regionsenter-prosjektet og 10 andre tiltak styret vil prioritera i tida framover.

– Det handlar blant anna om næringsliv, både eksisterande og nytt, seier styreleiar Åsmund Kåre Rørvik framfor møtet 6. juni. Styret er også opptekne av statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar og funksjonar, samt kommunale kontor på Husnes.

På lista over aktuelle arbeidsoppgåver finn vi vidare desse tiltaka:

  • Turisme
  • Tomteland for einebustader
  • Omsorgsbustader for eldre
  • Turstiar i Husnesområdet
  • Ny fleirbrukshall på Husnes
  • Trafikksikring
  • Samferdsle

– No handlar det om Husnes og Kvinnherad si framtid, så vi håpar gamle og nye medlemmer vil møta talrikt opp og vera med i arbeidet for å gjera Husnes og området rundt til ein god stad å bu på, eller driva ei verksemd i, heiter det i oppmodinga frå styret.

Siste artiklar

Status familiepark og fontene

Status familiepark og fontene

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi...

Trampolineaktivitet 2024

Trampolineaktivitet 2024

Det har vore god aktivitet på vatnet og i Borvika denne sommaren. Det er kjekt å sjå at utstyret blir brukt. Men no er hausten her, og vi har pakka...

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...