Nye banner på plass – Stor takk til Petol

Publisert av Husnes Utvikling

24. april 2025

I dag har Husnes Utvikling, ilag med vårt nye bedriftsmedlem Petol AS, fått på plass nye banner longs vegen mot sentrum. Frå brekka ned mot Samspel, og frå campingen mot skulane. Tidlegare har vi også hatt banner på strekka mellom Samspel og bensinstasjonen, men der har vi konkludert med at vinden rett og slett er for ugrei til tider. Tanken er at desse skal henga heile året. Solide saker seier dei som har peiling på det. Det likar vi. Solid innsats frå Endre Saghaug og Petol set vi også veldig pris på.

Siste artiklar

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Husnes Utvikling ønskjer velkommen til Åsmund Kåre Rørvik sine populære føredrag om Husnesområdet si historie. Føredraga kan ein høyra i Kinosalen i Kulturhuset Husnes i april.

Årsmelding

Årsmelding

Lurer du på kva som har skjedd i 2025 og kva planar vi har for 2026? Her kan du lesa årsmeldinga!

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 10. mars 2026 kl 18.00. Møtet finn stad i Møterom 1 - Kulturhuset Husnes. Inngongen ved Festsalen....