Endeleg blir det meir fart i arbeidet med å utvikla Husnes som regionsenter! Det skjer snart to år etter at fylkestinget vedtok «Regional plan for attraktive senter i Hordaland» og vel eitt år etter at Kvinnherad formannskap følgde opp med eit vedtak om å løyva pengar til arbeidet.
No har kommunestyret vedteke å starta opp prosjektet, som inneber at det skal lagast kommunedelplan med fokus på utvikling av Husnes som regionsenter.
Vedtaket i kommunestyret var samrøystes, men likevel utan særleg entusiastisk debatt. Berre nokre få politikarar tok ordet.
– Vi må bli flinkare til å snakka opp Husnes, sa Hilde Enstad (Ap) blant anna. Ho meinte det er viktig at Husnes er utpeika som regionsenter, og var utolmodig på at arbeidet kjem i gang.
Vera stolte
– Vi må vera flinke til å fortelja folk i alle samanhangar at vi har eit regionsenter i Kvinnherad. Det er grunn til å vera stolte over dette, men vi har til no ikkje vore flinke til å snakka opp Husnes, sa Enstad.
Kent Are Petterson (V) viste til fylkesmannen i Hordaland, som på eit møte i kulturhuset i fjor sa at Husnes må vera Kvinnherad sin best bevarte løyndom.
– Slik kan det ikkje vera. Vi har lenge venta på at dette arbeidet skulle koma i gang, sa Petterson.
Greta Rød (Ap) viste til at det har vore mange prosjekt som handla om Husnes, men som berre er lagde i ei skuffe.
– Husnes skal vera eit senter i kommunen. Eg synes det er ein veldig god idé at Kvinnherad Næringsservice skal vera med i arbeidet med å utvikla staden. No må vi få alle planane opp av skuffene før vi går vidare, sa Rød.
Kvinnherad Næringsservice skal ha ei sentral rolle i det arbeidet. Næringsorganisasjonen skal laga eit opplegg og gjennomføra ein brei medverknadsprosess og gjera vurderingar og dra slutningar for prosessen vidare.