Vil byggja 65 leiligheter i Bogsnes

Publisert av Kristian Hus

23. september 2016

husnes-brygge-1
Prosjektet er planlagt 800 meter frå Husnes sentrum.

Eigedomsutviklar Knut Rune Fatland i Fatland Holding AS har stadig nye prosjekt på beddingen. Straks Panorama Senter på Husnes er vel i hamn, er planane for Husnes Brygge så å seia klare. Om han får prosjektet godkjent og området omregulert, vil han byggja totalt 65 leiligheter i Bogsnes. Der har 49-åringen frå Valen eigd ei 12 måls stor tomt i tjue år.

– Vi er komne langt i prosessen med å omregulera området frå industri til bustadføremål, og håpar å få reguleringsplanen godkjend tidleg i 2017, fortel Knut Rune Fatland til Husnes Vekst.

I stadanalysen for Husnes, som kommunestyret godkjende i 2009, er Bogsnes definert som bustadområde. Sjølv om analysen ikkje er eit juridisk bindande dokument, legg den likevel tydelege føringar for korleis politikarane ser for seg utviklinga framover. Difor trur Fatland at det vil gå greitt med å få området omregulert, som ligg ca 800 meter frå sentrum.

Investor

Prosjektet som TAG Arkitekter i Bergen har teikna for selskapet Husnes Brygge AS, inneheld totalt 65 leiligheter i storleiken frå 50 til 120 kvadrat, og vil bli bygt ut trinnvis. Heile prosjektet vil kosta rundt 180 millionar kroner, trur Fatland, men noko eksakt kalkyle ligg ikkje føre enno. Det må koma seinare, blant anna når han har fått med seg ein større investor. For prosjektet er for stort til at han kan greia å finansiera heile utbyggjinga åleine.

– Er det behov for så mange nye leiligheter på Husnes?

– Ja, det trur eg absolutt, elles hadde eg jo ikkje gått i gang. Dessutan lever folk lenger i dag, og eldre folk føretrekkjer å bu i lettstelte og mindre husvære i staden for i store og gamle hus. Ei anna side av dette, er at kommunen stadig vekk sender ut klare signal om at dei i framtida ikkje vil makta å ta seg av alle eldre med ulike pleie- og omsorgsbehov. Det vil bli heilt nødvendig å finna alternative løysingar til alders- og sjukeheim, i samarbeid med blant anna private utbyggjarar. Då er slike prosjekt som no er planlagt i Bogsnes eit godt alternativ.

Det er dei klare meldingane frå kommuneleiinga som ligg til grunn for det nye prosjektet vårt i Bogsnes, seier Knut Rune Fatland. Husnes Brygge blir eit framifrå bualternativ for eldre menneske, men sjølvsagt òg for alle andre aldersgrupper som ønskjer å bu fint og lettstelt.

– Finare område enn dette finst knapt på Husnes i dag, avsluttar Fatland.

Fleire bilete på Facebook-sida til Husnes Brygge her.

husnes-brygge-2
Husnes Brygge er planlagt med 65 leiligheter totalt, og kan byggjast ut i fleire steg.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.