Ny fart i regionsenterarbeidet

Publisert av Kristian Hus

24. september 2016

Husnes sentrum
(Arkivfoto: Geir Remme)

Endeleg blir det meir fart i arbeidet med å utvikla Husnes som regionsenter! Det skjer snart to år etter at fylkestinget vedtok «Regional plan for attraktive senter i Hordaland» og vel eitt år etter at Kvinnherad formannskap følgde opp med eit vedtak om å løyva pengar til arbeidet.

No har kommunestyret vedteke å starta opp prosjektet, som inneber at det skal lagast kommunedelplan med fokus på utvikling av Husnes som regionsenter.

Vedtaket i kommunestyret var samrøystes, men likevel utan særleg entusiastisk debatt. Berre nokre få politikarar tok ordet.

– Vi må bli flinkare til å snakka opp Husnes, sa Hilde Enstad (Ap) blant anna. Ho meinte det er viktig at Husnes er utpeika som regionsenter, og var utolmodig på at arbeidet kjem i gang.

Vera stolte

– Vi må vera flinke til å fortelja folk i alle samanhangar at vi har eit regionsenter i Kvinnherad. Det er grunn til å vera stolte over dette, men vi har til no ikkje vore flinke til å snakka opp Husnes, sa Enstad.

Kent Are Petterson (V) viste til fylkesmannen i Hordaland, som på eit møte i kulturhuset i fjor sa at Husnes må vera Kvinnherad sin best bevarte løyndom.

– Slik kan det ikkje vera. Vi har lenge venta på at dette arbeidet skulle koma i gang, sa Petterson.

Greta Rød (Ap) viste til at det har vore mange prosjekt som handla om Husnes, men som berre er lagde i ei skuffe.

– Husnes skal vera eit senter i kommunen. Eg synes det er ein veldig god idé at Kvinnherad Næringsservice skal vera med i arbeidet med å utvikla staden. No må vi få alle planane opp av skuffene før vi går vidare, sa Rød.

Kvinnherad Næringsservice skal ha ei sentral rolle i det arbeidet. Næringsorganisasjonen skal laga eit opplegg og gjennomføra ein brei medverknadsprosess og gjera vurderingar og dra slutningar for prosessen vidare.

Les saka her

Siste artiklar

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Husnes Utvikling ønskjer velkommen til Åsmund Kåre Rørvik sine populære føredrag om Husnesområdet si historie. Føredraga kan ein høyra i Kinosalen i Kulturhuset Husnes i april.

Årsmelding

Årsmelding

Lurer du på kva som har skjedd i 2025 og kva planar vi har for 2026? Her kan du lesa årsmeldinga!

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 10. mars 2026 kl 18.00. Møtet finn stad i Møterom 1 - Kulturhuset Husnes. Inngongen ved Festsalen....