Kommunal bustadpakke med 20 husvære

Publisert av Kristian Hus

27. september 2016

Kommunen vil ha ny fart i byggjebransjen og ber om tilbod på 20 nye bustader. Dette arkivbildet er frå Borvika.
Kommunen vil ha ny fart i byggjebransjen og ber om tilbod på 20 nye bustader. Dette arkivbildet er frå Borvika.

Kvinnherad kommune ber om tilbod på 20 nye husvære i Husnes sentrum. Det opplyste rådmann Odd Ivar Øvregård i siste kommunestyremøte. Han reagerte på at Ap-politikar Synnøve Solbakken i ein interpellasjon antyda at det ikkje skjedde noko på Husnes.

– Det er demotiverande å høyra at ingen ting skjer på Husnes, sa rådmannen i eit svar til Solbakken. Rådmannen brukar svært mykje tid på nettopp Husnes om dagen, sa han.

Administrasjonen sin plan er å kjøpa 20 husvære på Husnes, som ein del av sentrumsutviklinga her, opplyste Øvregård. Han stadfesta også at han har vore i dialog med eigarane av det gamle hotellet på Husnes, og informerte om at når kommunen skal kjøpa bustader som er ferdige, treng ein ikkje å henta inn anbod. Men når det handlar om å kjøpa bustadar som ikkje er bygde, set lova krav om at det skal vera ein open anbodskonkurranse, forklarte rådmannen. Det er ein av grunnane til at ein ikkje var komne vidare i forhandlingane med hotelleigarane.

I desse dagar vert det sendt førespurnadar om kjøp av 20 husvære på Husnes. Det er styreleiar Åsfrid Barstad i Husnes Vekst svært glad for. Det set fart i arbeidet med å utvikla regionsenteret, legg ho til.

100 i heile kommunen

– Målet er å byggja 100 bustadar i heile kommunen, seier ordførar Peder Sjo Slettebø til Kvinnheringen. Bustadene er mellom anna tenkt for unge i etableringsfasen, som ikkje har finansieringa på plass for å kjøpa eigne husvære. I tillegg er dette eit tiltak for å få litt fart i byggjebransjen, seier ordføraren.

Ifølgje avisa håpar han at ei sak både om bustadpakken og nye kommunale kontorlokale på Husnes kan leggjast fram for kommunestyret i november.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.