Eit steg framover for fleirbrukshallen

Publisert av Kristian Hus

14. oktober 2016

Idrettshall1
Signe Torill Skogseth har teikna den nye storhallen på Husnes. Johnny Normann har laga 3D-teikningane.

Forprosjektet for den planlagte fleirbrukshallen på Husnes er no presentert for politikarane i formannskapet. Leiaren i prosjektgruppa, Knut Prestnes kunne i møtet fortelja om ein 3000 kvadratmeter stor hall med ein førebels pris på om lag 85 millionar kroner (brutto). Dersom kommunestyret sluttar seg til planane, håpar Prestnes å koma vidare med arbeidet så snart som mogleg. Kva tid det er realistisk å få prosjektet realisert, er det derimot vanskeleg å seia noko om i dag.

Den nye fleirbrukshallen på Husnes vil få ein tribunekapasitet på 2000 sitjeplassar og eit uteområde på 6500 kvadratmeter.

I finansieringsplanen er det rekna med 15 millionar kroner i spelemidlar frå Norsk Tipping. Refusjon av moms er estimert til 16,5 mill kroner, medan det er rekna med kr 11,2 millionar i gåver og dugnad. Største kostnaden vil falla på Kvinnherad kommune med 37 millionar, i alle fall slik finansieringsplanen er tenkt per i dag.

Stor dugnadsinnsats

Knut Prestnes fortel til Husnes Vekst at mange allereie har utført ein betydeleg dugnadsinnsats i forprosjektet. Forutan Prestnes, som òg er leiar i IL Trio, er ordførar Peder Sjo Slettebø, leiar i Kvinnherad Handballklubb, Merete Lillesand og Gunnar Våge frå Kvinnherad idrettsråd med i prosjektgruppa.

Ifølgje Kvinnheringen opplevde Prestnes møtet med formannskapet som positivt. Han er spesielt glad for entusiasmen ordføraren har vist i prosjektet.

– Ordføraren har vore svært positiv og kreativ i arbeidet i prosjektgruppa. No er det viktig at prosjektet kjem med i økonomiplanen 2017–2020, slik at vi får eit tydeleg teikn om at dette skal realiserast, seier Prestnes til avisa.

Trio-leiaren peikar på at idretten står klare til å ta prosjektet vidare, og meiner det er viktig å få eit positivt vedtak i kommunestyret. Då kan vi gå vidare i arbeidet med å få hallen fullfinansiert, seier han.

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 10. mars 2026 kl 18.00. Møtet finn stad i Møterom 1 - Kulturhuset Husnes. Inngongen ved Festsalen....

Folkepub på Husnes

Folkepub på Husnes

Sola skin og det er heldigvis ikkje alle som vurderer å starte opp krig, men vel i staden å fokusere på samling i godt lag. Vi har blitt spurt om å...

Synfaring – Familiepark

Synfaring – Familiepark

I dag var det ein kort synfaring med Byggservice og Husnes Utvikling. Det blir vidare jobba tett med kommunen og andre involverte partar. Vi ser...