Snart byggjestart for rundkøyring

Publisert av Kristian Hus

20. juni 2016

Rundkøyring1
(Skisse: Statens vegvesen)

Etter handsaminga i Forvaltningskomiteen sist veke, ser det no ut til at den lenge planlagte rundkøyringa på riksvegen ved Hellandsbrua vil bli realisert. Komiteen gjekk i møtet inn for alternativ D, som er den minst arealkrevjande løysinga. Dette inneber blant anna at brua som går over elva i dag, kan nyttast.

Grunneigar Geir Helland har stilt tre krav for at han kan gå med på den føreslegne løysinga:

  • Avkøyrsle for traktor og gravemaskin.
  • I samband med ny driftsbygning med sauefjøs, må det avklarast kor nære det nye bygget hans rundkøyringa vil koma.
  • Tre merka turløyper startar der rundkøyringa er føreslege. Helland ønskjer at parkeringsplassen for turgåarar blir erstatta, slik at dei ikkje parkerer på bakkane.

Verksemdleiar Tormod Fossheim trudde dei tre krava kan imøtekomast, og at arbeidet kan starta opp rimeleg snart, etter som prosjektet allereie er finansiert.

I innspurten med reguleringsplanen skal det takast med ei gangbru, men det er usikkert om det er pengar til dette no.

Husnes Vekst har i mange år vore ein pådrivar for å få bygt rundkøyring i krysset ved Hellandsbrua, der det har vore mange stygge trafikkulukker opp gjennom åra. Styret har òg diskutert om ein skulle engasjera seg for ei ny bru over elva, men har lagt det spørsmålet på is førebels.

– Vi ønskjer ikkje å trenera planane for rundkøyringa ytterlegere, så vi har lagt bru-tanken vekk inntil vidare, seier styreleiar Åsfrid Barstad. No er det viktig at arbeidet med rundkøyringa kjem i gang så snart som mogleg, og ei bru til mange millionar vil likevel ikkje bli prioritert no, seier styreleiaren.

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...