Her manglar avløp!

Publisert av Kristian Hus

18. juli 2016

Slik ser det ut når det regnar mykje i Bogsnesvegen.
Slik ser det ut når det regnar mykje i Bogsnesvegen.

Rundt om på Husnes ser vi mange fortau der vatnet hopar seg opp når det regnar mykje. Det skapar problem for dei gåande, stundom òg for bilistane.

Dette fortauet i Bogsnesvegen er eit svært gammalt problem, som skulle vore ordna for mange år sidan, ja, det kan vera snakk om 20 – 30 år! Men ingen ser ut til å bry seg, i alle fall ikkje dei som har ansvaret. Må det verkeleg vera slik?

Kanskje dette vesle oppslaget kan vera ei lita påminning om å setja i gang?

Siste artiklar

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Husnes Utvikling ønskjer velkommen til Åsmund Kåre Rørvik sine populære føredrag om Husnesområdet si historie. Føredraga kan ein høyra i Kinosalen i Kulturhuset Husnes i april.

Årsmelding

Årsmelding

Lurer du på kva som har skjedd i 2025 og kva planar vi har for 2026? Her kan du lesa årsmeldinga!

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 10. mars 2026 kl 18.00. Møtet finn stad i Møterom 1 - Kulturhuset Husnes. Inngongen ved Festsalen....