Ny Opsangerveg – eit løft for Husnes

Publisert av Kristian Hus

8. juni 2016

Husnes sentrum
Husnes Vekst ser fram til at Opsangervegen endeleg skal opprustast. (Arkivfoto: Geir Remme)

– Eit skikkeleg løft for regionsenteret! Dette ser verkeleg bra ut, seier styreleiar Åsfrid Barstad i Husnes Vekst. Ho er svært nøgd med dei nye planane for opprusting av Opsangervegen og parken, og ikkje minst for at det no er håp om at det vil skje noko. Dette prosjektet har det vore snakka om i mange år allereie.

Barstad seier til Kvinnheringen at ho ikkje har studert dei nye planane inngåande, men ved første augekast ser det bra ut. Mest nøgd er styreleiaren med at det blir opna opp mellom sentrum og parken og at det skal lagast gode og opplyste gangfelt imellom. Ho likar òg godt ideen om å laga fontenar og at parken skal få lys.

Styreleiaren er vidare glad for at planen også tar sikte på ein brei gang- og sykkelveg mellom sentrum og skuleområdet. Det er viktig å leggja til rette for mjuke trafikkantar i dette området, slik at det ikkje blir nødvendig å bruka vegbanen for å koma seg fram, seier Barstad.

– Mykje av det som står i planen er ting Husnes Vekst har ønskt seg i mange år. Slik sett er det nesten for godt til å vera sant, seier Barstad til avisa. Ho håpar berre at prosjektet ikkje blir stoppa politisk – av pengemangel eller anna.

Siste artiklar

Status familiepark og fontene

Status familiepark og fontene

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi...

Trampolineaktivitet 2024

Trampolineaktivitet 2024

Det har vore god aktivitet på vatnet og i Borvika denne sommaren. Det er kjekt å sjå at utstyret blir brukt. Men no er hausten her, og vi har pakka...

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...