Rydda og klargjort for sommaren

Publisert av Kristian Hus

1. juni 2016

No kan sommaren koma for fullt. Badestranda er klargjort.
No kan sommaren koma for fullt. Badestranda er klargjort.
Dugnad1
No blir det bra, kan Brynhild Stokka og Jan B. Ingvaldsen konstatera.

Då er badestranda i Borvika rydda og gjort klar for sommarens aktivitetar. I kveld (onsdag) arrangerte Husnes Vekst den årlege dugnaden i stranda, der 10 personar stilte opp med reiskap og arbeidslyst.

Styreleiar Åsfrid Barstad er glad for at folk bryr seg og stiller opp år etter år og er med på denne dugnaden. Forutan at det styrkjer fellesskap og samhald blant folk som bur her, blir badestranda meir innbydande og triveleg for alle som brukar ho.

– Det er viktig og nødvendig å halda det reint og triveleg rundt seg over alt, seier Barstad. Borvika er ein viktig del av regionsenteret, difor er dette eit svært godt tiltak, seier styreleiaren.

Ho er overraska over at det var så lite bos i stranda denne gongen, knapt to halvfulle sekker vart fylte opp og det er jo nesten ingen ting å snakka om ein gong. Tare og gras vart raka saman av dugnadsgjengen og kasta i kontainaren, men det viste knapt nok i botnen når dei var ferdige for kvelden.

Brede Grønningen frå Husnes Røyr stilte òg opp og monterte eit heilt nytt WC i toaletthuset. Det er styreleiaren svært glad for.

Barstad fortel elles at Husnes Vekst nyleg har inngått samarbeid med prosjektet «Turstiar Sunde», som vil vera med å oppgradera eksisterande stiar og laga nye der det trengst langs Opsangervatnet frå campingplassen til Kaldaneset og skulane.

Det har lenge vore snakka om å få til ein sti, eller gangveg, rundt heile vatnet, men det er eit meir omfattande prosjekt som det vil ta noko tid å få gjennomført. Men ein plass må vi starta, seier Åsfrid Barstad. Styreleiaren tykkjer det er viktig at Husnes Vekst engasjerer seg i både store og små prosjekt. Det skapar merksemd i nærmiljøet, og venteleg vil det òg føra til at fleire etter kvart melder seg inn i organisasjonen.

(Alle foto: Åsfrid Barstad)

Brede Grønningen hadde spanderbuksa på seg, og kom med eit flunkande nytt toalett som gåve frå Husnes Røyr.
Brede Grønningen hadde spanderbuksa på seg, og kom med eit flunkande nytt toalett som gåve frå Husnes Røyr.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.