Ryddedag i Borvika

Publisert av Kristian Hus

30. mai 2016

Husnesingane vil halda Borvika fin og ryddig. (Foto: Kristian Hus)
Husnesingane vil halda Borvika fin og ryddig. Konteinaren for rusk og rask er klar til å fyllast opp. (Foto: Kristian Hus)

Husnes Vekst er oppteken av at det skal vera ryddig og velstelt over alt i regionsenteret, ikkje berre i sentrum, men òg i nærområda. Badestranda i Borvika er ein av stadene organisasjonen sine medlemmer har stelt på dugnad i mange år, og no er tida inne for ein ny ryddedag.

– Ja, onsdag 1. juni klokka 17 er det berre å stilla opp og ta i eit tak, oppmodar styreleiar Åsfrid Barstad. Ho ber alle som kan om å ta med rive og spade og vera med på den årlege dugnadsinnsatsen, slik at Borvika kan bevarast som ein fin badeplass i bygda.

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...