Siste nytt frå Husnes Vekst

Publisert av Kristian Hus

23. april 2016

Det skal koma rundkøyring på riksvegen forbi Hellandsbrua. (Arkivfoto: Kvinnheringen)
Det skal koma rundkøyring på riksvegen forbi Hellandsbrua. (Arkivfoto: Kvinnheringen)

Styret i Husnes Vekst har mange ballar i lufta for tida. Her er noko av det leiar Åsfrid Barstad kan melda om:

Regionsenteret Husnes

Saka er sett «på vent» til dess omorganiseringa i kommunen er ferdig. Når det er klart kven som skal arbeida med prosjektet får Husnes Vekst tilbakemelding og invitasjon til å delta i prosjektet.

Hellandskrysset

Det er vedteke at det skal bli rundkøyring. Ny bru, slik styret tidlegare har teke til orde for, vil bli så kostbart at det ikkje er aktuelt å gå videre med dette spørsmålet no, etter som det kan forseinka heile prosjektet.

Trafikksikring i sentrum

Det er lagt ein del planar, men det er fleire eigarar inne i biletet og desse må først bli enige før arbeidet kan setjast i gang. Det gjeld spesielt området mellom og rundt Storsenteret, Coop og det mellombelse NAV-bygget.

Rydding i sentrum

I samarbeid med Husnes ungdomsskule skal det ryddast før 17. mai og Husnes Vekst ventar no på svar om kva dag som passar.

Borvikstranda

Toalettanlegget på badestranda skal reparerast blant anna med nytt tak og ny dør. Husnes Vekst vil òg arrangera rydding av området, slik som i fjor. Nærare kunngjering kjem seinare.

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...