Rema snart i eige hus

Publisert av Kristian Hus

27. april 2016

Arbeidet med å montera veggelementa er kome gong i gang.
Arbeidet med å montera veggelementa er kome gong i gang.

Rema 1000 sin nye butikk på Husnes byrjar no å visa skikkeleg att på tomta der det tyske konsernet Lidl ein gong hadde planar om å etablera seg. Ifølgje leverandøren av dei prefabrikerte stålgitterbjelkane til råbygget er arbeidet i rute. Dermed kan kjøpmann Dagfinn Gjerde sjå fram til å ta i bruk eit nytt og meir funksjonelt lokale, med god plass for parkering utanfor, ein gong i oktober.

Butikken får eit golvareal på knappe 1500 kvadratmeter. Sjølve råbygget er ferdig montert og no er arbeidet med å montera veggelementa kome gong i gang. Så skal det leggjast takplater, isolasjon og til slutt miljøtak på toppen. Ut i mai ein gong skal bygget vera tett.

Helgesen Tekniske Bygg (HTB) har totalentreprisen, medan Dimmelsvik Entreprenør AS og Husnes Røyr AS er engasjerte i kvar sine fagområde. Arkitektfirmaet Snøhetta har designa nybygget.

Huset blir bygd etter eit nytt design som alle nye frittståande Rema-butikkar i landet framover skal byggjast etter, og dette er den første butikken på Vestlandet som er bygd etter det nye konseptet.

Dagfinn Gjerde seier til Kvinnheringen at dei skal pynta og planta rundtom på tomta, og på litt sikt skal dei også laga ein gangveg frå tomta langs oversida av Teigenbygget og bort til senteret. Det skal òg koma ein ladestasjon for elbilar på tomta, fortel Gjerde til avisa.

Rema3

Siste artiklar

Status familiepark og fontene

Status familiepark og fontene

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi...

Trampolineaktivitet 2024

Trampolineaktivitet 2024

Det har vore god aktivitet på vatnet og i Borvika denne sommaren. Det er kjekt å sjå at utstyret blir brukt. Men no er hausten her, og vi har pakka...

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...