Nye kommunale kontor på Husnes

Publisert av Kristian Hus

18. april 2016

Kommunen har fått tilbod om å kjøpa Aksen av huseigar Union. I desember presenterte selskapet denne skissa for korleis Aksen kan sjå ut etter ei eventuell ombygging. (Skisse: Union).
Kommunen har fått tilbod om å kjøpa Aksen av huseigar Union. I desember presenterte selskapet denne skissa for korleis Aksen kan sjå ut etter ei eventuell ombygging. (Skisse: Union).

Kvinnherad kommune vurderer fire ulike alternativ til nye kontorlokale på Husnes. Tida for å leiga er over, sa rådmann Odd Ivar Øvregård i formannskapet.

Då kommunen lyste etter både lokale og tomter for etablering av kontor til erstatning for dei tidlegare kontorlokala i Aksen, kom det inn ti tilbod. To av dei er bygningar som kan byggjast om og renoverast. Det er Aksen, som det kan vera aktuelt å kjøpa, og Husnes hotell, skriv Kvinnheringen.

Ifølgje avisa ønskjer rådmannen å gå vidare i prosessen med å få på plass nye kontorlokale på Husnes. I tillegg til å vurdera dei ulike alternativa for kjøp, må det gjerast nokre strategiske vurderingar i høve til utviklinga av Husnes sentrum.

– Det er lagt ned mykje godt arbeid i denne saka, sa rådmannen. Han håpar å få klar ei sak til kommunestyret 28. april.

Øvregård sa også at han ikkje er vane med at dette med hus- og tomtekjøp var ei sak for politikarane. Det var ei sak som han meinte var rådmannen sitt ansvar.

(Kjelde: Kvinnheringen)

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.