Området med SIM sine containerar ligg rett ved innkjøyringa til Husnes sentrum . Husnes Pryd har sidan i fjor sommar hatt fokus på området som tilhøyrer Kvinnherad kommune. Onsdag 24. mai hadde gruppa eit konstruktivt møte med SIM som har dispensasjon til å bruka området.
Området containerane står på høyrer til same gards- og bruksnummer (143/192) som siste del av Husnesparken. Medlemmene i Husnes Pryd har difor ønska at dette området skulle gjerast om til parkområde og har hatt fleire befaringar med kommunen i området. Onsdag møtte dei Arild Vik, driftsleiar innsamling i SIM, for å diskutera ulike løysingar.
SIM er i utgangspunktet positiv til at containerane kan flyttast til eit anna område, men dei ønskjer innspel frå Husnes Pryd og innbyggjarane på Husnes kor dei eventuelt kan flyttast til. Området er eit returpunkt for hytteabbonentar. Det er eit av dei større returpunkta til SIM, og SIM er av den grunn avhengig av at det er god plass der containerane skal setjast ut. At området er lett tilgjengeleg er også svært viktig.
SIM jobbar heile tida for å forbetra seg. Dette gjer dei blant anna ved å oppgradera anlegga sine. Det vil i åra framover stillast strengare krav til sortering av hytteavfall. Når oppgraderinga av gjenvinningsstasjonen på Husnes blir gjennomført, kan det for eksempel byggjast eit område der for hytteavfall. Eit slikt område kan vera låst for andre enn dei som har avtale med SIM og kan gjera at avfallet blir sortert på ein betre måte.
I framtida kan det også bli vanleg med nedgravne bosscontainerar på Husnes. Dette er vanleg i byane, men SIM er avhengig av eit visst volum då det er eigne bilar som hentar dette avfallet. Om framtidige byggeprosjekt satsar på denne typen avfallshandtering, kan det bli aktuelt å samla inn hytteavfall på same måte. Slike anlegg tar svært lite plass over bakkenivå og ser estetisk finare ut enn dagens containerar.
På møtet onsdag vart det bestemt at ein i første omgang skulle plassera containerane meir samla slik at området straks ser finare ut. Heidi Sande Gertz i Husnes Pryd vil kontakta kommunen for å høyra om det er mogleg å få satt opp ein levegg i tre eller ein gabionmur (metallnett fylt med fine steinar) med tanke på sikt og trafikksikkerheit. Ein slik vegg/mur kan pyntast med klatreplanter ut mot det som fungerer som fortau i dag. Containerane vil slik bli skjult og området får ei utkøyring inn og ut frå området, mot to utkøyringar i dag. For å gjera det enno tryggare for fotgjengarar kunne kommunen laga eit skikkeleg fortau langs denne muren og bort til busskuret ved Opsangervatnet.
Husnes Pryd meiner at dersom prosjektet er lite i storleik kan kommunen og SIM gå inn og gjera endringar sjølve. Då tenker dei på bygging av levegg, grusing av området og innkjøp av klatreplanter. Om Husnes Pryd ønskjer å gjera større endringar elles i området, har SIM eit eige miljøfond der prosjektet kan søka støtte. Frist for å søka på dette er i november 2023.
Allereie to dagar etter møtet hadde SIM plassert conteinarane som lova. Bileta under viser korleis det ser ut på området i dag. Husnes Pryd set stor pris på det gode samarbeidet!