Dugnad i Husnesparken

Publisert av Sigrid Bjelland Mathisen

30. mai 2023

I ettermiddag var 14 ivrige personar samla til dugnad i Husnesparken i regi av Husnes Pryd. Dette er det første steget i prosjektet som skal oppgradera området rundt lysthuset.

Dugnadsgjengen fekk hengt opp flotte amplar, rydda og klipt ned småtre i skråninga rett ovanfor Sport Outlet og luka i området rundt lysthuset. Kvinnherad kommune stilte med tilhengar til alt hageavfallet.

Undervegs var det tid til gode samtalar og planlegging av nye prosjekt! Stunda vart avslutta ved med kaffi og kake.

Tusen takk til alle som stilte! I juni startar hovudprosjektet rundt lysthuset. Når grunnarbeidet er gjort, vil Husnes Pryd invitera til ny dugnad når buskar og markdekkande planter skal plantast. Dugnaden i dag var første steg i prosjektet vårt som har fått støtte av Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad. Informasjon om prosjektet og teikningar finn du her.

.

.

Alle foto: Elisabeth Skogseth

Siste artiklar

Status familiepark og fontene

Status familiepark og fontene

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi...

Trampolineaktivitet 2024

Trampolineaktivitet 2024

Det har vore god aktivitet på vatnet og i Borvika denne sommaren. Det er kjekt å sjå at utstyret blir brukt. Men no er hausten her, og vi har pakka...

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...