Elevar rydda Husnes før 17. mai

Publisert av Sigrid Bjelland Mathisen

17. mai 2023

Ein gjeng med svært positive elevar på 10. trinnet var 16. mai rundt om på Husnes for å rydda/plukka boss.

Husnes Utvikling har samarbeida med Husnes Ungdomsskule, og som takk for hjelpa får elevane nokre tusenlappar dei kan bruka på pizza når eksamen er over. Alt bosset har dei fått lov til å levera på Husnes Storsenter.

Områda som er rydda er skulane, sjukeheimen, ruta der 17. mai-toget skal gå, Opsangervegen, turstien langs Opsangervatnet, sentrum, området rundt Post-bygget, Seniorsenteret, Rema 1000, Europris, KEST-bygget, kyrkja og båthamna.

Tusen takk for god innsats!

Siste artiklar

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Vil du vita meir om Husnes si historie?

Husnes Utvikling ønskjer velkommen til Åsmund Kåre Rørvik sine populære føredrag om Husnesområdet si historie. Føredraga kan ein høyra i Kinosalen i Kulturhuset Husnes i april.

Årsmelding

Årsmelding

Lurer du på kva som har skjedd i 2025 og kva planar vi har for 2026? Her kan du lesa årsmeldinga!

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 10. mars 2026 kl 18.00. Møtet finn stad i Møterom 1 - Kulturhuset Husnes. Inngongen ved Festsalen....