Tysdag kveld mottok Husnes Pryd ei pengegåve på 81 000 kroner frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Pengane skal brukast til å gjera det finare rundt lysthuset i Husnesparken.
Stiftinga hadde laga til eit flott arrangement med heile 84 heldige «vinnarar». Heidi Sande Gertz og Sigrid Bjelland Mathisen stilte spente på utdelinga på vegne av Husnes Pryd, ei undergruppe i Husnes Utvikling. På førehand var det klart at Husnes Pryd hadde blitt tildelt pengar, men ikkje kor mykje. Gleda var stor då Gunnar Våge i stiftinga kunngjorde at vi hadde fått 81 000 kroner, akkurat den summen vi hadde søkt om!
Allereie i neste veke samlast arbeidsgruppa for å driva prosjektet vidare. Vi er så heldig å ha med oss Elsbet Marina Mikkelsen frå Sunde på laget. Elsbet er gartnar, hagedesignar og fagteknikar i park- og hagedrift. Det er ho som har laga planteikningane og som vil vera ansvarleg for å plantebestillingar og gjennomføring av prosjektet.
Som ein ser på det øvste biletet er det eit flott lysthus/paviljong Seniorgruppa i Kvinnherad Frivilligsentral har satt opp i Husnesparken. Spesielt flott er det i adventstida når det er pynta med lys. Likevel meinte medlemmene i Husnes Pryd at området rundt trong ei lita oppgradering. Området er i dag utsatt for vêr og vind og har innsikt frå alle kantar.
Elsbet har teikna inn buskfelt bak og på sida av lysthuset, medan området mot Opsangervatnet er ope for å behalda den flotte utsikta. Val av planter er planlagt med tanke på enkel skjøtsel – blomstrande buskplanter med varierande høgde med markdekkande stauder under. Ein skal planta tett for å begrensa ugras og mellom plantefelta og grasplenen skal det leggast kantsteinar for å få ein fin avgrensning utan at det er til hinder for plenklippar. Rundt sjølve lysthuset blir det lagt singel for å letta vedlikehaldet av bygget. Elles blir det område med rullestein og sedum. Enkelte stader blir det lagt inn betongheller i gangvegen rundt lysthuset for å få litt variasjon.
Det blir og kjøpt inn amplar/krukker som det kan plantast sommarblomar i. Tanken her er at frivillige personar eller lag kan melda seg for å passa på desse i sesongen. Om det eit år ikkje skulle vera interesse for dette, kan amplar/krukker setjast på lager.
Dessverre er kvaliteten på bileta av planane litt dårleg, men det gir likevel eit visst inntrykk av korleis det blir når prosjektet er ferdigstilt.
Under ser ein planteikningar i fugleperspektiv med forklaringar til dei ulike felta rundt lysthuset.
Foto: Elisabeth Skogseth
Planteikningar: Elsbet Marina Mikkelsen