I strålande solskinn vart årets fritidsmesse arrangert på Husnes i helga. Store og små fekk prøva ut kva Kvinnherad har å by på av fritidsaktivitetar!
Folk strøymde til Husnes sentrum på laurdag då fritidsmessa vart arrangert for første gong sidan 2019. Her kunne lag og organisasjonar visa fram alt det kjekke du kan gjera på i kommunen.
Husnes Utvikling sin utsendte kikka på fritidsaktiviteter som blant anna fotball, handball, skyting, karate og bogeskyting, og som du ser på bileta var det fleire som fekk testa ferdigheitane sine.