Ny styreleiar: Går til oppgåva med tru på framtida

Publisert av Kristian Hus

22. april 2022

Arne B. Olsen (40) er valt til ny styreleiar i Husnes Utvikling etter Ellinor Rein. Han går til oppgåva med tru på framtida for husnessamfunnet og håpar samtidig at regionsenteret får det løftet det fortener.

Den allereie planlagte familieparken ved Opsangervatnet meiner den nye styreleiaren er viktig å få realisert så snart som mogleg. Det vil vera eit slikt løft som Olsen tenkjer på. Med ein million i tilskot frå SpareBank1-stiftinga er ein langt på veg til å få realisert trinn I, som er ein landbasert park. Seinare kjem trinn II, ein type badeland i vatnet, som blir heilt unik i landssamanheng. Ikkje mange andre kommunar kan tilby noko slikt.

Men som alt anna her i verda er det alltid snakk om økonomi, så kva tid trinn 2 vil koma, er ikkje styreleiaren heilt sikker på, kort tid etter at han blei valt. Men folk skal i alle fall kjenna seg trygge på at styret vil ha fokus på dette framover.

Ein god stad å leva og bu i

Elles er Arne oppteken av at grunnideen og målsetjinga til Husnes Vekst alt frå starten i 1987 blir ført vidare, no 35 år seinare. Den gongen slo organisasjonen fast at det var eit mål å gjera Husnes til ein god stad å bu og leva i. Dette gjeld framleis. Men styreleiaren er samtidig ottefull med tanke på folketalsutviklinga i Kvinnherad. Statistikken er langt frå noko lysteleg lesnad. Difor er det viktig at både Husnes Utvikling og folk flest engasjerer seg for å gjera staden meir attraktiv, i tråd med målsetjingane.

– Å få mange utflytte kvinnheringar tilbake til bygda, vil vera heilt avgjerande, og då er sak nummer ein å syta for arbeidsplassar, seier styreleiaren. Før var SØRAL, med kring 500 tilsette, sjølve lokomotivet for sysselsetjing, men slik er det ikkje lenger, legg han til. Difor må det gjerast meir for å få folk heim og busetja seg her. Det er òg viktig å leggja til rette for at dei som allereie bur her, blir buande og trivst her.

Gode kommunikasjonar og betre infrastruktur mot Bergen og sørover, meiner Olsen dessutan er heilt avgjerande i høve til nye arbeidsplassar og ei positiv folketalsutvikling.

Som nytilsett styreleiar i Husnes Utvikling vil ikkje Arne Bernhard Olsen ha så sterke meiningar om kommunen, og då spesielt rådhusmiljøet, sitt engasjement i regionsenter-saka. Men han sluttar seg til kritikken frå dei som meiner at det burde vore gjort meir.

– Eg registrerer at dette ikkje er noko alle politikarar heiar på med stor entusiasme, så her har vi ein jobb å gjera, avsluttar styreleiaren.

Styret

Forutan Arne B. Olsen er Sigrid Bjelland Mathisen og Heidi Sande Gertz valde til nye styremedlemmer i Husnes Utvikling. Jostein Tjeldflåt og Oddmund Skår blei attvalde til varamenn.

Guttorm Røssland, Håkon Røstbø og Per Henrik Opdal sit òg i styret, men var ikkje på val i år.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.