Husnes utvikling

Smal og stygg sving – ingen utbetring i sikte

11. november 2021

Dei grev og grev, men ikkje for at svingen skal utbetrast.

(AV KRISTIAN HUS): Vegen er smal, har krapp kurve og det har vore fleire utforkøyringar her. Men den stygge svingen i Bogsnes er ein del av fylkesvegen, og er ikkje med i den mykje omtala Kvinnheradpakken. Og slik blir han truleg liggjande i lang tid framover, trass i at forholda har vore peika på i mange år. Håpet no er at at den nye «ja»-ordføraren tar tak i saka straks.

Senioringeniør i Hordaland fylkeskommune, Terje Vidar Hoel, seier til Kvinnheringen at han ikkje kjenner til at det ligg føre utbetringsplanar for akkurat denne svingen. Hoel er kjent med at svingen har ei uheldig kurve, og at det har vore fleire utforkøyringar på staden.

Allereie i 2016 var dei trafikkale forholda i området påpeika i Husnes Vekst sin trafikksikringsplan. Fire år seinare, i desember 2020, kom organisasjonen med eit nytt innspel til kommunen då dei uttala seg om trafikksikring i og rundt regionsenteret.

Faksimile frå Kvinnheringen, som først skreiv om saka.

– Må ta innspela på alvor!

– Vi må kunna forventa at kommunen tar slike innspel på fullt ansvar og formidlar desse vidare til fylkeskommunen, seier styreleiar i Husnes Utvikling, Ellinor Rein. Ho peikar på at i den vedtekne reguleringsplanen for området er det også teikna inn gang- og sykkelveg. Slik ho forstår planen, er svingen òg retta noko ut. Så at det ikkje blir gjort noko med dette no medan arbeidet pågår, er heilt uforståeleg, seier Rein.

Sprengjinga og gravearbeidet som føregår langs fylkesvegen i desse dagar blir gjort for at det skal leggjast røyr der, har Rein fått opplyst.

Ellinor Rein undrar seg også over miljøaspektet i denne saka. Ho undrar seg over kor lurt og effektivt det er å fjerna maskinane frå området når det pågåande arbeidet er ferdig, og så seinare ta dei tilbake og starta arbeidet på nytt. Det burde vore mogleg for kommunen å forskottera arbeidet med svingen, meiner Rein. Etter som den nye ordføraren har sagt at ho vil vera eit «ja»-menneske, i tillegg til at politikarane frå før har sagt at Kvinnherad skal vera ein trafikksikringskommune, er dette absolutt noko ordføraren burde ta tak i straks medan sjansen er der.

Vore på synfaring

Varaordførar Leif Sverre Enes har ifølgje Kvinnheringen vore på staden og sett på tilhøva. Han er ikkje i tvil om at den omtalte brekka er stygg, og at noko burde vore gjort. Men noko klattverk vil nok ikkje hjelpa på, seier han til avisa, det bør gjerast eit skikkeleg arbeid.

Reguleringsplanen for området syner at det skal vera gang- og sykkelveg. Men kva tid det skjer, er heilt uvisst.

Husnes utvikling

Husnes utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes utvikling arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet.

Siste innlegg

Sommarhelsing frå styret

Sommarhelsing frå styret

Familieparken skal lokaliserast i nærleiken av rohuset ved Opsangervatnet, og skal skapa ein ny og urban samlingsplass i sentrum. Sommaren er like...