Sommarhelsing frå styret

Publisert av Kristian Hus

26. juni 2021

Familieparken skal lokaliserast i nærleiken av rohuset ved Opsangervatnet, og skal skapa ein ny og urban samlingsplass i sentrum.

Sommaren er like rundt hjørnet, og styret ynskjer å takka for godt samarbeid, sponsing og støtte i arbeidet vårt med utvikling av regionsenteret Husnes til no i år.

I løpet av første halvår har det vore arbeidd med omprofilering og engasjement i og rundt organisasjonen. Me har blant anna endra namn frå Husnes Vekst til Husnes Utvikling etter vedtak på årsmøtet. Ny logo er utarbeidd ilag med Metro Reklamestudio og speglar Husnes sitt kjende «Samspel»-monument, noko me syns passar bra saman med det nye namnet og føremålet til organisasjonen. 

Ny nettside er òg på veg. Den nye sida vil kunne nyttast til å visa fram noko av det mangfaldet Husnes og omkringliggjande bygder har å by på av aktivitetar, turar, opplevingar og overnatting.

Næringsutvikling i regionsenteret er viktig, blant anna for å synleggjera ledig areal til å etablera seg på. Me meiner dette er viktig å ha med på nettsida.

Støtte

I 2020 fekk organisasjonen 250.000 kroner i støtte frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad. Midlane vart nytta til innkjøp av nye banner med påskrifta Regionsenteret Husnes. Traséen frå GryHelges Bar og Restaurant til skulane fekk òg eit etterlengta løft. 

Det har vidare blitt kjøpt inn to trampolinar, som skal plasserast på populære badeplassar; ein ved badeplattforma i Opsangervatnet og ein i Borvika. Vi har òg utarbeidd to nye informasjonsskilt, som skal plasserast i Husnes båthamn og på fylkesvegen på toppen av Stripo. Skilta viser ulike aktivitetar, overnattingsstader, mat-, shopping- og turmuligheter, samt informasjon om regionsenteret.

Styret rettar ei stor takk til Harald Hauge i Hauge Forskaling for god hjelp og sponsing av lift til arbeidet med bannera. Dette set me stor pris på!

Julestemning

Næringslivet og Husnes Vekst gjennomførte eit ekstra julestunt i 2020 for å skape julestemning i regionsenteret. Dette vart godt motteke, sjølv om det vart litt diskusjon om bannera i etterkant, som ikkje kom raskt nok ned etter jul.

Me vil retta ei stor takk til: 
Rema 1000, Husnes
Cirkle K., Husnes
Reins Maskinering AS
Teigen Bygg og trelast AS
Teigen Eigedom AS
Metro Reklamestudio AS
Husnes Sandblåsing AS
Kapitalpartner AS
Stripo Eigedom AS
SHL Eigedom AS
Husnes Tannlegesenter
HMR Group AS
Husnes Røyr AS
Eidsvik Eigedom AS
Trimx Husnes AS 
iDrift AS
Fargerike Husnes
You Who
Fonna Takst
Sparebanken Vest
Tveit Regnskap

Husnes Utvikling arrangerte dugnad i Borvika i mai, med stor oppslutnad

Borvika

Toalettet i Borvika har blitt fiksa etter nok eit hærverk. Det er svært trist at slikt skjer, og me håpar no at toalettet kan få stå i fred til glede for badegjestene på stranda. Dugnad vart utført 26. mai med stort oppmøte. Det var ein triveleg dag saman med kjekke folk. Styret rettar ei stor takk til Brede Grønningen og Husnes Røyr for arbeidet med å skifte toalett og vask, samt arbeidet med vatnet.

Familieparken

Husnes Familiepark er det nye store prosjektet til organisasjonen. Familieparken skal lokaliserast i nærleiken av rohuset ved Opsangervatnet, og skal skapa ein ny og urban samlingsplass i sentrum. Prosjektet er i to byggetrinn.

Trinn 1:
Leikeplass og samlingsplass på land, med ulike leikemuligheter og møteplassar, som er tilrettelagt for alle samfunnslag. Tilbodet skal vera gratis og eit lågterskeltilbod for å skapa aktivitet i sentrum.

Trinn 2:
Hinderløype i vatnet. Dette blir den største flyteparken i verda, korkje meir eller mindre! Her kan ein hoppa, klatra, springa, balansera og skli samtidig. Fire område med ulike vanskelegheitsgrad på hindera, gjer at alle kan finna sitt område og boltra seg på. Den har plass til 160–180 mennesker samtidig. Parken kan setjast saman på ulike måtar, så kvar sesong vil ha sitt unike preg.

Vi har per 17. juni fått inn 300.000 kroner til dette prosjektet og håpar å koma i gang med grunnarbeidet til parken like etter sommaren, slik at del 1 kan stå klart til neste år. Her må me takka for støtta frå Sparebanken Vest sitt Ildsjelfond (kr 175.000) og frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad (kr 50.000), samt våre lokale samarbeidspartnarar for god støtte til prosjektet:

Husnes Tannklinikk
SHL Eigedom AS
Pizzabakeren
Stripo Eigedom AS
Reins Eigedom & Invest AS
HMR Group
Husnes pit stop service 

Trampolinar skal plasserast på populære badeplassar; ein ved badeplattforma i Opsangervatnet og ein i Borvika.

Treng fleire medlemmer

Styret vonar at me greier å få med fleire engasjerte medlemmer i tida som kjem. Husnes Utvikling er avhengig av større oppslutnad frå folk flest dersom me skal kunna fortsetja arbeidet med vekst og utvikling av regionsenteret. Dersom du ikkje alt er medlem, men ynskjer å bidra, slik at me kan realisera Husnes Familiepark og fortsetja arbeidet med vekst og utvikling i regionsenteret, er det berre å melda seg inn. 

Som medlem kan du koma med innspel, framlegg til nye oppgåver som må løysast, og du kan delta aktivt i eit positivt og engasjerande miljø. Alle medlemer i organisasjonen kan møta på årsmøtet, der årsmelding, rekneskap, planar og budsjett vert diskutert og vedteke. 

Det vil i tillegg kunna verta arrangert medlemsmøte, der styret orienterer om status og aktivitetar og får innspel frå medlemene i viktige saker. Styret held medlemene oppdaterte gjennom nettsida vår og på Facebook.

Kontingent 2021:

Private/enkeltperson: kr 250,-
Ektepar/sambuarar: kr 350,-
Lag/organisasjonar: kr 500,-
Verksemder: kr 1.500,-
Du kan enten betale til konto 3520.67.57254 eller sende ein epost til post@husnesvekst.no med namn, epost og postadressa di, så sender me ein faktura og registrerer deg i medlemsregisteret. 

Me ønskjer våre medlemmer ein retteleg god sommar, samtidig som me ser fram til vegen vidare saman med dåke.

Beste helsing
Styret i Husnes Utvikling

Hinderløype i vatnet. Dette blir den største flyteparken i verda!

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.