Husnes utvikling

Eldsjelfondet: 175.000 kroner til familieparken

26. mai 2021

Familieparken, inklusiv ei hinderløype i vatnet, har ei kostnadsramme på over 6 mill kroner.

Husnes Vekst har fått 175.000 kroner i gåve frå Sparebanken Vest sitt eldsjelfond til den planlagte familieparken og leikeplassen ved Opsangervatnet. Forutan sponsormidlar frå næringslivet og ei raus gåve på 50.000 kroner frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad, er prosjektet no tilført totalt 270.000 kroner. Dermed kan prosjektet startast opp.

– Ja, dette gjer det mogleg for oss å koma i gang med første byggetrinn i år, seier ein glad styreleiar, Ellinor Rein. Prosjektet skal gjennomførast i to steg. Første steg er leikeplass/møteplass på land, medan steg to er hinderløype på vatnet. Når alt er ferdig vil Husnes få ein kjekk og aktiv samlingsplass midt i hjarta av regionsenteret, seier styreleiaren.

Ellinor Rein er styreleiar i Husnes Vekst.

Over 6 mill kroner
Planen er at den landbaserte delen av familieparken skal stå ferdig til neste år. Heile prosjektet har ei kostnadsramme på over seks millionar kroner.

Husnes Vekst har søkt ulike organisasjonar om støtte til prosjektet, samt at det blir arbeidd med å få inn fleire sponsorar, som vil bidra økonomisk. Så snart det kjem lette i smitteverntiltaka, og forholda ligg til rette for det, skal det også arrangerast basar til inntekt for prosjektet.

Ellinor Rein fortel elles at styret samtidig arbeider med å rekruttera nye medlemer til organisasjonen. Ho håpar innbyggjarane på denne måten vil vera med og realisera det planlagte prosjektet.

– Det er viktig at folk flest deltar og viser interesse for arbeidet vårt, seier styreleiaren. Ho siterer gjerne Arbeidarpartiet sitt tidlegare valkampslagord; «Alle skal med»!

Husnes utvikling

Husnes utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes utvikling arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet.

Siste innlegg

Fritidsmessa 2022

Fritidsmessa 2022

I strålande solskinn vart årets fritidsmesse arrangert på Husnes i helga.