Arne Alsaker er død

Arne Alsaker i kjent stil i butikken sin.

Bokhandlar Arne Alsaker er død, vel 75 år gammal. Med han er ein markant person i husnessamfunnet gått ut av tida. Han var fødd og oppvaksen på Sundsteigen i Husnes.

Arne opna Kvinnherad Bok & Papir i avishuset til Kvinnheringen i 1973, men flytte seinare verksemda si til Husnes Butikksenter. Der vart han med i styre og stell; i leigebuarforeninga, i Husnes Vekst og i nokre år som kinosjef. Han gjorde seg gjeldande der han deltok og var aldri redd for å seia meiningane sine, også politisk. Han var medlem i Høgre og sa ofte ifrå i saker som engasjerte han.

Arne var som regel i godt humør og hadde alltid ei historie å fortelja. Han var friluftsmenneske og vi kunne møta han springande på Kaldestadåsen eller på Bremstølen, alltid i full fart. Han hadde bakgrunn som offisær i Hæren og var troppssjef med fenriks grad i Heimevernet. Han var òg aktiv i Husnes skyttarlag i mange år.

Husnes Vekst takkar Arne for hans innsats i og for lokalmiljøet, og lyser fred over minnet!

Publisert av:

Kristian Hus

4. mars 2021

Siste artiklar

Fritidsmessa 2022

Fritidsmessa 2022

I strålande solskinn vart årets fritidsmesse arrangert på Husnes i helga.