Ber om støtte til marknadsføring av regionsenteret

Publisert av Kristian Hus

16. november 2020

– Husnes sin status som regionsenter må nyttast fullt ut til å få etablert nye arbeidsplassar med regionale og statlege oppgåver, seier Ellinor Rein.

Husnes Vekst meiner det er nødvendig å ha større fokus på synleggjering av regionsenteret og omkringliggjande bygder, og har søkt Kvinnherad kommune om støtte til planlagte tiltak. Organisasjonen vil blant anna fornya og oppdatera nettsida si, slik at ho kan fungera som kjelde for informasjon i reiselivssamanheng.

I dei spenstige planane styret i Husnes Vekst arbeider med, inngår også produksjon av ein film frå Husnes, Sunde, Valen, Halsnøy og Fjelberg, som skal synleggjera mangfaldet av opplevingar i dei historiske stadene i og rundt regionsenteret. Mykje av dette er omtalt i søknaden til kommunen.

Organisasjonar i alle dei aktuelle bygdene vil bli kontakta, slik at dei med mest kunnskap om gjeldande bygd, kan gje informasjon som er viktig å få fram for ålmenta og turistar, heiter det i søknaden til kommunen. Totalt søkjer Husnes Vekst om kr 100.000 i kommunal støtte til dei planlagte tiltaka.

Prosjektet har ei kostnadsramme på kr 186.500, medan Husnes Vekst i finansieringsplanen har rekna med kr 84.000 i eigenkapital og -innsats.

Mista omsetning

Styreleiar Ellinor Rein seier at reiselivsverksemder og butikkar i år har mista ein stor del av omsetninga på grunn av koronapandemien. Prognosane framover ser heller ikkje særleg oppløftande ut og difor er det nødvendig å setja inn ekstra tiltak no. Synleggjering av regionsenteret er ein del av strategien.

Det var i samband med den regionale planen for attraktive senter i Hordaland at fylkeskommunen utpeika Husnes som regionsenter. I neste månad er det seks år sidan Husnes fekk slik status, men Ellinor Rein og resten av styret er ikkje imponerte over framdrifta så langt. Det går for seint, meiner dei. Allereie for to år sidan reagerte organisasjonen på tempoet i planarbeidet.

– Det er på høg tid at det vert sett tungt fokus på, og gjeve prioritet til dei viktigaste problemstillingane og moglegheitene Kvinnherad og Husnes har, heitte det i ein uttale frå Husnes Vekst i august 2018.

Ellinor Rein håpar Kvinnherad kommune no vil visa større ansvar for å følgja opp det fylkeskommunale vedtaket:

– Statusen Husnes har som regionsenter må nyttast fullt ut til å få etablert nye arbeidsplassar med regionale og statlege oppgåver, avsluttar styreleiaren.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.